Takka trio av med eit sterkt bortepoeng

Publisert 21.06.2025 av Helge Bjørke

Del via

Førdejentene kjempa sterkt på Bømlo laurdag, og sikra eit sterkt poeng på bortebane med 2-2 mot Bremnes.

Laurdagens 3. divisjonskamp på ScaleAQ Stadion, på Bømlo, var ein god fotballkamp. Førdejentene kom best ut, med scoring av Martine Honningsvåg Aarnes etter 35 minutt. Heimelaget fekk utlikna og gått opp i ein 2-1 leiing inn mot pause, med to raske scoringar rett før pause.

– Fyrsteomgangen i dag er kanskje den beste omgangen vi har prestert som lag i vårsesongen, det er derfor kjedeleg å gå til pause med 2-1. Fortel hovudtrenar Bjørn Andre Storøy.

Fleire takkar for seg

Dagens kamp var den siste for trioen Johanne Støfring, Sigrid Welle og Sofia Hagen Paulen. For dei ventar militæret og skule til hausten. Laget var fast bestemt på å gje dei den beste avskjeden i Førdedrakta. Det var derfor høg jubel då Vibeke Solheim sikra 2-2 i andre omgang.

– Jentene står godt i det gjennom kampen, men vi greier ikkje å utnytte overtaket nok til å ta alle tre poenga i dag. Vi spelar ein god kamp og held ballen i laget store deler av oppgjeret, oppsummerar Storøy etter kampen.

Jentene begravar bortekamp-spøkelse etter tre kampar på rad med poeng med heim. Det lovar godt for ein spennande haust i 3. divisjon vestland. No tar jentene sommarpause, på ein sterk tredjeplass.

Vi takkar Johanne, Sigrid og Sofia for innsatsen i Førdedrakta, og håpar å sjå dei att i den kvite drakta med tida. Neste kamp for Førde er bortekamp mot Nordhordland BK 17. august. Neste heimekamp er mot Sotra 23. august. Då skal vi revansjere tapet i april.

Vi ynskjer jentene og teamet god tur heim og god ferie, den er vel fortjent!

Relatert