SOVE MED DRAKTA PÅ
FLEIRE HADDE SOVE MED DRAKTA PÅ Gløym den første skuledagen! Den første fotballdagen er minst like spennande! – Gutungen min nekta å ta av seg drakta i går kveld. Han skulle vere klar til si første samling då han vakna! Desse orda kjem frå ei av mødrene som hadde barn som deltok på…
FLEIRE HADDE SOVE MED DRAKTA PÅ
Gløym den første skuledagen! Den første fotballdagen er minst like spennande! – Gutungen min nekta å ta av seg drakta i går kveld. Han skulle vere klar til si første samling då han vakna!
Desse orda kjem frå ei av mødrene som hadde barn som deltok på si første samling for 6-åringar i Hafstadparken laurdag. Her myldra det av eit 60-tals hopefulle seksåringar, som skulle stifte eit første kjennskap med fotballen og dessutan få vere saman med heilt nye venner.
Ikkje så underleg at det var sommarfuglar hos dei fleste då.
– Ja, dette er stort for dei fleste. For både besteforeldre, foreldre og barn. Men vi har mange dyktige instruktørar og deler ungane inn i grupper etter kor dei bur. Dessutan har vi ei eiga gruppe for jentene. Det betyr at dei fleste mest sannsynleg kjem i gruppe med nokre som dei allereie kjenner. Og når dei først kjem i gang, så gløymer dei fleste at dei er usikre, seier Geir Vindheim.
Han er ansvarleg i Førde-fotballen for dette arbeidet, og med seg i i ansvarsgruppa for 2016-årgangen har han treningsrettleiar Karl Martin Norbom samt Mariann Flo og Thomas Fraas. Dessutan stiller følgjande åtte opp som foreldretrenarar:
Plass til fleire
Akitivitetsopplegg for 6-åringane starta opp i 2015 i Førde, og etter eit par sesongar med korona, var Vindhem usikker på responsen.
– Men det er tydeleg at det har ryktast blant dei unge, og i dag er vi omtrent 60 aktive. Og minst dobbelt så mange vaksne, smiler Vindheim og viser til at dei framleis har plass til fleire.
– Ja, det er berre å ta kontakt, og vi har stor boltreplass. Vi legg treningane til dei yngste til kunstgrasbana ved Førdehuset og slik blir opplegget framover:
Tirsdagar klokka 16.30-17.30: Gutar 6 år
Onsdagar klokka 16.30-17.30: Jenter 6 år
Det er som sagt plass til fleire, så viss du har ein 6-åring som vil begynne, tar du kontakt med Førde il Fotball på epost: barnefotball@forde-fotball.no
Dessutan vil desse seksåringane få tilbod om å vere med på dei populære Kongleriketurneringane. Den første for 2016-årgangen kjem allereie i Eikefjord 8. mai.
Dette er viktig
– Vi kjem til å koordinerte tilbodet for denne gjengen opp mot 7- og 8-åringane, som også har eit tilsvarande opplegg. Vi er opptekne av å gje eit tilbod til alle barn i fotballen. Aktivitetstilbodet er viktig fysisk og sosialt. Og berre ut frå å sjå deg rundt, så forstår du kor kjekt ungane har det. Og jammen trur eg mange foreldre storkosar seg også, seier Geir Vindheim og veit av erfaring at når den første timen er over, så er det få som har lyst til å gå heim igjen.
– Då er det godt å vite at det er ny samling allereie om nokre dagar, ler han.
På bildet er dei ansvarlege for årets aktivitetstilbod for 6-åringane. Frå venstre: Malene Lundøy, Thomas Fraas, Geir Vindheim, Karl Martin Norbom, Øystein Sellevold, Lennart Nyhammer, Finn Øve Øen, Terje Sande Solheim og Florin Nechita.
Tekst og foto: Stig Roger Eide