SNAKK OM FESTFOTBALL

Publisert 01.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Sjølv om gjestande motstandar Spjelkavik hadde Solskjær som spiss, så var det Førde sine frontspelarar som dominerte. –I dag spelar vi verkeleg god fotball, seier Terje Rognsø. Med to mål av Vegard Savland, eitt kvar på Ntege Kone, Sander Aamelfot og Mathias Sagevik, så var det festfotball då Førde vann heile 5-0 over Spjelkavik laurdag…

Sjølv om gjestande motstandar Spjelkavik hadde Solskjær som spiss, så var det Førde sine frontspelarar som dominerte. –I dag spelar vi verkeleg god fotball, seier Terje Rognsø.

Med to mål av Vegard Savland, eitt kvar på Ntege Kone, Sander Aamelfot og Mathias Sagevik, så var det festfotball då Førde vann heile 5-0 over Spjelkavik laurdag ettermiddag. Heller ikkje sonen til Ole Gunnar Solskjær, Noah Solskjær, kunne nemleg gjere dagen lysare for sunnmøringane.

Tre mål i starten

Kampen vart i røynda avgjort i løpet av fire minutt tideg i 1. omgang. Då valsa eit feststemt Førde-lag opp med festfoball, og scora ikkje mindre enn tre mål på Spjelkavik.

-Vi fekk ein pangstart på kampen, men i dag kunne det lett ha blitt fleire mål enn dei fem vi fekk. Eg trur eg knapt har sett så store rom på ei fotballbane som vi fekk i dag. Vi kunne gjere omtrent som vi ville, og det var klasseskilnad på laga. Vi var kort og godt langt betre enn Spjelkavik, seier Terje Rognsø og kan sjå at angrepstrioen Sander Aamelfot (15), Vegard Savland (9) og Ntege Kone (9) til saman no har scora 33 av laget sine 58 mål denne sesongen. Faktisk er det berre Molde 2 som har putta fleire mål i nettet i divisjonen.

Beste spelar

-I dag får spelarane våre verkeleg brukt farta si, og Spjelkavik hadde store problem med å halde oss unna. Så dette var ein verkeleg fin dag, smiler Rognsø og ser at Mathias Sagevik vert kåra til laget sin beste spelar i dagens kamp.

-I dag trur eg alle spelarar eigentleg kunne ha vore fortent til prisen. For dette var verkeleg ein toppdag, smiler Rognsø på veg inn i garderoben etter 5-0-sigeren.

Vi kjem med meir stoff frå kampen seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert