Skal jakte nye bortesigrar i Bergen

Publisert 13.06.2025 av Helge Bjørke

Del via

Laurdag klokka 15:00 kjempar våre beste menn og damer om nye tre poeng i Loddefjord og på Os.

På alvøen kunstgress tar Loddefjord i mot Førde til kamp. Etter tap og uavgjort i fjor, er det ein revansjelysten gjeng som kjem med buss frå Sunnfjord. Målet er klart; i år skal vi ta tre poeng.

Fjoråret var brutalt når vi ser tilbake på møta mot Loddefjord. På våren fekk vi ein leksjon vi helst ikkje vil rippe opp i, med 0-4 til pause. Det blei også sluttresultatet på Førde stadion. Bortekampen enda med 3-3, der vi hadde initiativet i fyrsteomgang, men måtte kjempe til siste slutt for å redde uavgjort. Vebjørn Høynes scora 3-3 målet i det 90. speleminutt. Av dei sju måla Loddefjord har scora mot Førde, står Marius Bildøy for fire av dei. Det er med andre ord ein mann å sjå opp for laurdag.

Vi har vore gode defensivt i år, som er viktig at vi bygger vidare på. Samtidig vil vi prøve å vidareutvikle vårt offensive spel. Fyrst og fremst handlar det for oss å revansjere oss frå fjoråret, fortel Alexander Lekva før kampen.

Etter 1-2 tapet mot Bjarg forrige helg, har gutane no hatt ei god treningsveke og er klare for å fortsette poengfangsten. Tabellmessig kan ein tru det er ein lett kamp, der andreplassen møter trettandeplassen. Men, det er ingen lette kampar i Norsk Tipping-ligaen. Det viste Loddefjord oss i fjor og Lyngbø oss i år.

Kampen kan du sjå på Firda.no, avspark er 15:00.

Bortepoeng-jakt også på Os.

Damelaget er også på reise denne helga. Etter ein flott 1-0 siger mot Bjarg er jentene på ny klare til å plukke poeng på bortebane. Damelaget er i god form. Etter tapa mot Sotra og Lyngbø, har jentene løfta seg att med siger mot Fyllingsdalen 2, Arna-Bjørnar, Stord og Bjarg. Mellom kampane mot Stord og Bjarg fekk dei også med seg eit sterkt poeng mot serieleiar Brann 2.

Totalt har dei til no spelt ni kampar i årets serie. Det har gitt 19 poeng og ein foreløpig 3. plass. På bortebane har det blitt ein siger og to tap. Jakten på nye bortepong skal skje på Kuventræ kunstgress laurdag 15:00. Kampen kan du sjå på MyGame.no, eller følge på Firdaliven.

Ei helg der alle seniorlaga skal på reise

I tillegg til våre to a-lag, skal andre- og tredjelaget på herresida også på reise i helga. Førde 2 skal til Sogn for å møte Kaupanger, medan Førde 3 skal til Eikefjorden for å møte Eikefjord/Florø 2. Denne kampen er også trukke ut av NFF Sogn og Fjordane til å vera arrangementkamp med eit forsterka fokus på Fair play.

Begge kampane har kampstart 15:00 søndag. Mandag skal vårt andrelag på damesida spela heimekamp i Hafstadparken, mot Sogndal damer 1. Den kampen har kampstart 19:00.

Relatert