Sesongstarten nærmar seg
Damelaget er klare for å kjempe om poeng.

Laurdag håpar vi på folkefest i Hafstadparken frå tidleg morgon til langt ut på ettermiddagen. Det er stor aktiviteten heile helga. Fotballkretsen arrangerer soneturnering laurdag og søndag, og dei arrangerer keepersamling laurdag. Vi har to a-lag som skal spela heimekamp.
Påmelding til keepersamling finner du her.
Rutine og pågangsmot
– Det er deilig å kjenne på spenninga igjen, at ein er litt nervøs før helga, fortel Bjørn Andre Storøy
Hovudtrenar Bjørn Andre Storøy ser fram mot fyrste serierunde i 3. divisjon kvinner Vestland. Fyrste motstandar er det nyopprykka laget Nordhordland BK frå Knarvik.
– Vi er klare, jentene gledar seg veldig og vi i trenarteamet kjenner på ein positiv energi inn mot helga, fortsetter Storøy
Han og trenarteamet er klar for debutkampen laurdag. Målet er enkelt, dei vil sjå igjen arbeidet frå treningsfeltet og er meir opptekne av prestasjon og utvikling enn tabellplasseringa. Men, om jentene gjer jobben og legg ned det dei visar på trening, så kan det bli mykje kjekt å oppleva for oss som heiar på Førde.
– Eg håpar at rutinene til våre eldste spelarar, kombinert med det herlige ungdommelige pågangsmotet skal slå positivt ut. Klarar vi å koble dei to tinga, vil Førde kunne spela god fotball og stå godt mot våre motstandarar, fortel Storøy.
Mål om opprykk?
Til supportergrupperinga Førdepatrioten skal jentene ha uttalt seg om opprykk. Trenarteamet synes det er herlig, men kanskje ikkje det realistiske målet. Frå i fjor veit vi at Brann 2 vil vera sterke, saman med Lyngbø. Det var eit gap frå dei og ned til Bremnes, Os og Askøy på tabellen i fjor. Det var jevnt i mellomsjiktet og ned til nedrykk, og fleire lag var innblanda i nedrykkskampen mot slutten av sesongen. Førde berga seg og er klar på at i år ynskjer ein å jobba seg litt oppover på tabellen.
I starten handlar det om å ta poeng og få i gang spelet. Kampen mot NBK blir spennande på så måte, då ein veit at nyopprykka lag kjem med stor iver.
Det er ikkje fokusert på eit resultat mål på damelaget, akkurat som Alexander Lekva uttalte før fyrste kamp mot Fjøra. Prestasjon og utvikling er det viktigaste for våre to a-lag. Det er i tråd med det klubben har som overordna målsetning også.
Ein tøff heimekamp for herrelaget.
Etter å ha åpna sesongen med bortesiger mot Fjøra ventar no Os på heimebane for herrelaget. Dei spelar klokka 16:00 i Hafstadparken. Bortelaget fekk ein tøff start på sesongen mot nyopprykka Gneist, då dei tapte 3-2. Det betyr at vi møter eit revansjesugent Os-lag som vi veit er gode med ball og er ein sterk motstandar.
Møt opp i Hafstadparken laurdag til dobbeltoppgjer. Damelaget og herrelaget treng begge di støtte til å ta 3 poeng.
