Seriepremiera enda med siger

Publisert 30.03.2025 av Helge Bjørke

Del via

Førde vann 2-0 mot Fjøra i fyrste serierunde.

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.

Seriepremiere

I ei seriepremiere tek vi tre poeng framfor finspel kvar dag, seier trener for herrelaget Alexander Lekva etter at Førde har vunne seriepremiera borte mot Fjøra laurdag ettermiddag. 

Ei seriepremiere er kanskje å skildre som årets viktigaste uviktige kamp. Har ein trena godt nok? Korleis fungerer laget? Korleis er motstandarane? Heng vi med frå start, eller må vi jage etter? Då blir det fort høge skuldre og ikkje så godt spel som ein kan ynskje, men i dag står laget fram og vi viser at vi kan kjempe kampar inn i vårt spor og i vår favør, fortsett Lekva. 

Ein god førsesong, med friske spelarar og gode treningstilhøve, har dei siste vekene blitt erstatta av fleire skadar og plager, og heilt til det siste var det vanskeleg å ta ut laget til seriepremiera kan trenaren fortelje. Heldigvis har vi ein god tropp, og ein stall som tek utfordringar på strak arm. Publikum kunne difor sjå den nye 3 – 4 – 2 – 1 formasjonen til Førde med ein debutant frå start i Elias Lekva på venstre vingback, og Sander Aamelfot som spydspiss. Vi merka oss at “årets spelar” sesongen 2024, Mange Aarøen, ikkje var i troppen. Det var heller ikkje Elias Rognebakke, eller Andreas Hvidsten, medan Vegard Savland starta kampen på benken.

Teikn på det som venter i sesongen?

Førde tok kommandoen frå start, og som i cupkampen mot Volda møtte ein eit lag som la seg lågt dei fyrste minutta. Det viste seg like fullt å bli ein kamp med likande utvikling for etter kvart som Førde gjekk i offside, og fekk dødballar, byrja Fjøra å kontre. 
Heldigvis for Førde resulterte ikkje dette i noko store sjanser før ein plutseleg fekk sjå korleis 3 – 4 – 2 – 1 kan fungere. Eit brot, djupt og sentralt i bana, fører til at Førde kontrer med overtal i midten, og via fine kombinasjonar i lengderetning kjem Sander Aamelfot isolert med ein Fjøraforsvarer. Han drar seg inn i bana, og frå ca 18 meter curler han ballen i lengste hjørnet. 0 -1 etter 12 minutt, og det var nesten som han aldri var borte. Årets fyrste mål i NT-ligaen avdeling 4. 

Fjøra la seg ikkje ned etter kalddusjen og det var heimelaget som tok tak og styrte det meste etter 0 – 1. Fleire gode tilløp blei skusla bort før Fjøra plutseleg kjem åleine med keeper, og spielführer, Hanssen. -I dag har vi matchvinnarar i begge endane, og det var to enorme redningar av Fredrik når vi trengte det som mest, konstaterer trenaren og referer samstundes til frisparket Fjøra fekk litt ut i andre omgang. Vi forstår at dette var to kjemperedningar av sisteskansen som med det sikra seg årets fyrste smultring (Vi vonar keepertrener Gulliksen stiller med nybaka dounuts på trening måndag).

Det mangla ikkje på sjansane denne omgangen, og etter kvart kom Førde seg inn att i kampen. Både Bergset og S. Aamelfot hadde store sjansar til å auke leiinga, og med fare for at Tore Andre Flo les dette og vi ikkje ynskjer han skal pådra seg PTSD frå Noreg – Tyrkia i 2003, skal vi ikkje skildre Bergset sin sjanse. Det blei også ropt på straffespark ved minst to høve, utan at det blei gitt. 

Signalspelaren.

Andre omgang fortsette i sporet frå fyrste omgong. Førde med ball, Fjøra prøver å kontre eller spele rask angrepsball, og kampen står og vipper. Førdegutane kjemper godt, og det er ikkje mange gongane ballen finn vegen mot mål. Det er likevel slik at kampen ikkje er avgjort og lenge virker det som om det skal bli ein kamp med ryggen mot veggen for å få med seg tre poeng. 

Midt i omgangen gir Thomas Hallstensen beskjed om å roe ned. Med tydlege armar veivar han og viser at Førdegutane skal ta vare på ballen, og etter dette er det berre eit lag på bana. Førde kontrollerer ballen, speler rolege kombinasjonar, og etter kvart kjem også sjansane. Samstundes ser det ut som lufta går litt ut av heimelaget, som ikkje lenger får dei svara dei ynskjer ute på bana. Inn frå benken kjem det etter kvart friske førdebein, og det er til slutt desse beina som skal avgjere. 

Nok eit brot på midten midten fører til at innbytter Savland kjem fri til høgre. Han ser opp og finn ein annan innbyttar Mathias Helgheim med eit presist legg. Frå 4 – 5 meter kan Helgheim plassere ballen i mål, og kampen er avgjort til stor jubel. Målscorer og servitør feirer, men også midt på bana er det ein gjeng Førdespelarar som samler seg om N. Hvidsten som var mannen som kasta seg inn og fekk tving fram brotet. Eit flott mål som kruna ein flott defensiv innsats, og viser at forsvar og angrep heng tett saman. Mot slutten av kampen var Førde nærare å sette ein ball til i nota enn heimelaget var å redusere. 3 poeng som ingen nokon gong kan ta frå Førde, samstundes med “clean sheet” og mange spelarar fekk moglegheita til å vise seg fram. 

Fyrste heimekamp

Vi har litt å gå på, men vi ser at mykje av det vi har øvd på og det var stor framgong frå kampen mot Volda i cupen, konstaterer Lekva som allereie har å tenkje framover mot neste helg. Det har ikkje vore spelt mange treningskampar i “Parken” denne vinteren, og vi gler oss til å vise oss fram for heimepublikum. Neste helg er det superlaurdag i parken, med både dame- og herrekamp . Då kjem h.h.v. Nordhordaland og Os til Førde for å kjempe om poeng. – Os er eit av laga vi ser føre oss å knive med denne sesongen, og vi skal fortsette og utvikle oss fram mot den kampen avsluttar Lekva som håper at nettopp du tek turen til Hafstadparken neste laurdag. 

Vi er i gong att, og fy kor kjekt det er med lokalfotball!

Kampfakta: 
Fjøra – Førde 0 -2 (0-1)
Fosshaugane Campus

0 – 1: Sander Aamelfot (12)
0 – 2: Mathias Helgheim (86)
Gult kort: Sander Heggestad og Brage Navarsete (begge Fjøra), Mathias Sagevik og Jonas Nistad (begge Førde)

Førde sitt lag (3 – 4 – 2 – 1)
Fredrik Hanssen (Spielführer) 
Sander Lekva
Thomas Hallstensen
Ola Rognebakke
Lasse Aamelfot
Nikolai Hvidsten
Jonas Nistad
Elias Lekva (Vegard Lorgen i 65.)
Jacob Bergset (Mathias Helgheim i 78.)
Mathias Sagevik
Sander Aamelfor (Vegard Savland i 84.)

Bilete frå kampen vil ser du hjå samarbeidspartneren vår haugenfotball.no

Tekst av Knut Strand Løseth

Neste kamp er dobbeltoppgjer laurdag 5. april.

a group of people playing football

Relatert