Sander er klar til kamp!

Publisert 14.03.2025 av Helge Bjørke

Del via

Denne veka blei det klart at Sander Aamelfot gjer comeback i Førde-drakta.

Vi i Førde IL Fotball er strålande fornøgde; Sander Aamelfot returnerar til Førde. Etter ein lengre prosess har Sander landa på at framover blir han å sjå i Førdedrakta. August 2023 valde han å signera for Hønesfoss BK. HBK har satsa tungt dei siste åra og rykka i 2024 opp til PostNord-ligaen. Sander fekk med seg 38 kampar og scora 10 mål. Etter fjorårssesongen var spelaren og klubben einige om å gå vidare kvar for seg. På HBK sine heimesider skriv sportssjefen til HBK følgande:

«Vi ønsker å takke Aamelfot så mye for tiden han har vært her. Det ble dessverre ikke full match og vi har ikke klart å fått ut hele det potensialet som ligger der. Når det skal sies, har han blant annet bidratt med 20 målpoeng iår og vært en viktig bidragsyter for at vi klarte opprykket. Han vil bli spesielt husket for alle scoringene han har hatt mot Elverum i den tiden han har vært her her oss. Både spillerne og støtteapparatet ønsker han masse lykke til videre i karrieren»

Forsterkar ein allereie god tropp

Førde IL Fotball skal vera ein utviklingsklubb. Målet vårt er å vera konkurransedyktige og samtidig gje enkeltspelarar moglegheita til å ta dei stega dei individuelt ynskjer. Gjennom god spelarutvikling og gode treningskvardagar, vil enkeltspelarar få moglegheit til å ta dei stega dei sjølv jobbar mot.

Fyrst og fremst er vi veldig glade for å ha Sander tilbake i Førde. Då det opna seg ei moglegheit for at han kunne spele for oss framover, var vi tydelege på at vi ønska det. Om det er på lengre sikt eller eit mellomsteg i hans fotballkarriere, vil vi uansett kunne nytte godt av han si spisskompetanse.

Ein god test før seriestart

Etter ei lengre oppkøyring er det no alvor. Laurdag er det fyrste kvalifiseringsrunde i cupen, mot Volda. Vårt fyrste hinder på vegen mot Ullevaal er også til dagleg å finna i 3.divisjon. Vi står med andre ord ovanfor ein tøff motstandar.

Volda på bortebane blir tøft. Det er ein fin test for oss. Vi møter eit godt lag som vil gje oss svar på kvar vi står. Gruppa har jobba godt i vinter, og vi er klare for nok ein spennande fotballsesong. Å møta ein divisjonskollega allereide i fyrste kvalifiseringsrunde gjer til at vi må vera på tå hev frå start av. Det ser vi på som bra for vår utvikling, fortel Alexander før cupkampen.

Kampen går i Volda på Sparebank 1 bana, laurdag klokka 15:00.

Relatert