SÅ GLADE BLIR KM-VINNARANE👏👏👏

Publisert 28.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

– Desse jentene har hatt utruleg god utvikling i haust, både individuelt og lagmessig, seier trenar Bjørn Totland. Seint fredag kveld vann Førde sitt damelag 2-0 over Sogndal Fotball/Sgndal FK 2 i Hafstadparken, og sikra seg dermed sin sjuande av åtte moglege sigrar i haust. Utvikling – Vi mista fleire spelarar føre haustsesongen, men dei…

– Desse jentene har hatt utruleg god utvikling i haust, både individuelt og lagmessig, seier trenar Bjørn Totland.

Seint fredag kveld vann Førde sitt damelag 2-0 over Sogndal Fotball/Sgndal FK 2 i Hafstadparken, og sikra seg dermed sin sjuande av åtte moglege sigrar i haust.

Utvikling

– Vi mista fleire spelarar føre haustsesongen, men dei nye som har komme til har hatt svært god utvikling. Og i dag såg vi tre av dei tidlegare Førde-spelarane, Lea Storøy, Thea Lovise Holsen og Ingrid Krakhellen, spele for Sogndal, seier Bjørn Totland og er imponert over utviklinga laget har hatt i haust.

– No er det mykje betre struktur i det vi held på med. Dei har teke mykje lærdom og har utvikla seg fantastisk flott. Noko som lovar godt, seier Bjørn Totand og rosar samstundes tilveksten i haust, Johanne Støfring.

Scora to

– Johanne har bidrege mykje i haust, og i dags scora ho begge måla. No skal vi førebu oss litt på Førde Cup innandørs i Førdehuset om 14 dagar, og så tek vi sikkert litt ferie for laget i desember månad. Men jentene vil garantert halde det gåande fysisk. For dette er jenter med svært god treningsmoral, seier Totland og gjer klart til pizzafest i FIL-huset i Hafstadparken.

– Målet var å vinne KM. Så når vi gjer det må vi kunne feire litt, ler Totland etter den suverene KM-tittelen til Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert