På jakt etter nye referansar i Ulsteinvik

Publisert 27.11.2024 av Helge Bjørke

Del via

Magne Elias Aarøen og Alexander Lekva var denne veka på besøk hos Hødd for å lære og hente heim referansar til Førde.

Fotballsesongen 2024 er forbi, og førebuingane inn mot ny sesong er i full gang. Mandag til onsdag denne veka har hovudtrenar for vårt a-lag på herresida, Alexander Lekva, vore på klubbesøk hos IL Hødd Fotball frå Ulsteinvik. Med seg har han hatt a-lagsspelar Magne Elias Aarøen.

Å innhenta referansar er viktig

Hødd har hatt ein forrykande sesong i PostNord-ligaen, som enda med opprykk til OBOS-ligaen 2025. Å høyra, sjå og ta del i deira arbeid gjev oss nyttig lærdom om korleis dei jobbar, både på og utanfor bana.

Hovudtrenar Marius Lenni Bøe er ein kjent mann i vårt distrikt. Denne veka opna han døra for at Førde kunne læra av kva Hødd og han gjer i kvardagen. Han har lagt bak seg eit fantastisk 2024. Saman med resten av klubben har dei mykje spennande å læra vekk. IL Hødd Fotball er ein klubb vi ser mot og er imponert over på fleire områder.

Ved å sende både spelar og trenar opp fleire dagar, får vi fleire vinklingar i referansearbeidet vårt. Vi som klubb ynskjer å legge til rette for best mogleg utvikling for både spelarar og trenarar. Det som Magne Elias og Alexander får med seg tilbake frå turen til Sunnmøre, vil vera med å flytta vår standard inn mot ein ny og viktig fotballsesong i Norsk Tipping-ligaen. Men, det gir oss også nyttig kunnskap ut i resten av klubben. For Magne Elias sjølv er det spennande å kjenne på nivået i ein klubb som til neste år spelar i OBOS-ligaen.

Vi i Førde IL Fotball takkar Hødd og Marius for openheita og tilrettelegginga. Vi gratulerer klubben med ein fantastisk sesong og gler oss til å følge dei i OBOS-ligaen 2025.

Relatert