Opus forlenger med tre nye år
Førde IL Fotball er glad for tilliten vi er vist.

Vi skal tilbake til 2011 då fyrste avtale mellom Førde IL Fotball og Opus blei signert. Det blei då starten på eit kjært og godt samarbeid som er avgjerande for fotballgruppa. Våre sponsorar er vårt sterkaste bein å stå på, som gir oss mogelegheit til å skapa ein trygg og god fotballaktivitet for barn, unge og vaksne.
Opus AS finn du i store, moderne og innbydande lokaler sentralt i Førde sentrum. Dei fører kjende bilmerker som blant anna Opel, Isuzu og Suzuki. Dei har også Benimar bubilar for deg som drømmer om bilferie til sommaren.
Samarbeidet vårt er sterkt

Opus cup er ein suksess kvart år med mykje fotballglede og mange spelarar i sving. Det er eit av mange bevis på vårt gode samarbeid. Tilrettelegginga om vi treng transportmiddel til kamp- og treningsaktivitet er Opus kun ein telefon unna.
Vi takker Opus for tilliten og gler oss til vidare samarbeid.
