Oppstart for nytt årskull

Publisert 23.02.2025 av Helge Bjørke

Del via

Personar fødd i 2019 er velkommen til fotballaktivitet i Førde IL Fotball.

Førde IL Fotball har gleda av å invitere foreldre og born til oppstart på fotball for 2019-kullet. Vi ynskjer å gjera inngangen til fotballen så ufarleg og morosam som mogleg for både born og foreldre.

Førde IL Fotball rekrutterar i hovudsak sine medlemmar frå skulekretsane Flatene, Slåtten, Sunde, Førde BSK, Holsen og Karstad. Vi i Førde IL Fotball ynskjer at alle som vil, blir med i fotballaktiviteten. Fotball er for alle, og i vår klubb er alle velkommen. 

Ansvarleg for rekrutteringsprosessen er vår rekrutteringsansvarleg Thomas Fraas.

Oppstart med foreldremøte og aktivitet

For å starte det heile, inviterer vi til eit foreldremøte tysdag 4. mars kl. 17:30. Her ynskjer vi å presentere klubben og klubbens verdiar, samt gå gjennom praktisk informasjon om treningane og kva dykk som foreldre kan forvente framover.

Oppstartstrening vert søndag 9. mars kl. 12:00 til 13:30 i Hafstadparken. Møt opp i god tid. Vidare vil det vera moglegheit for treningar søndag 16. mars og søndag 23. mars i Hafstadparken i tidsrommet 16:00 til 18:00.

Til slutt vil vi arrangere ei internturnering for dei nye 6-åringane søndag 30. mars i Hafstadparken 10:00 til 12:00. Her håpar vi alle setter av denne føremiddagen då dette mest truleg blir deira første turnering.

Meld deg inn i Hoopit for meir informasjon

Førde IL Fotball nyttar ein app som heiter Hoopit for invitasjon til trening/turnering samt kommunikasjon mellom tranar, klubb og foreldre. For dykk som har born i Hoopit frå før er det berre å gå på grupper og legge til. Alle andre må registrere seg sjølv først, deretter registrere bornet sitt etterpå.

Her er info om registreringprosessen. Merk at det kun er ein forelder som kan registrere bornet ein gong. Deretter må den som oppretta bornet legge til far/mor i etterkant. Når app er installert søker du opp Førde IL og navigerer i undermenyane som følger –> Førde IL Fotball –> Barnefotballen –> Barnefotball 6-9 år –> (Gutar/Jenter 2019) –> velg deretter å legge til i henhold til kva skule ein skal byrje på til hausten.

Om ein har problem med registreringsprosessen har hoopit ein oppegåande chatsupport som kan nåast store delar av døgeret enten direkte via app, eller via vevsida deira https://support.hoopit.io.

Vi håpar at dykk vil vera med på denne spennande reisa inn i fotballverda saman med oss i Førde IL Fotball. Vi ser fram til å møte dykk alle!

Relatert