NYE JUBELSCENER

Publisert 16.06.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde er suverene i årets 3. divisjon, og avslutta vårsesongen med å slå Eid heile 9-0 i Hafstadparken fredag kveld. For ei fantastisk veke det har vore for damelaget. På onsdag nedkjempa det unge Førde-mannskapet Åsane heile 5-2 i NM for 19-årslag, før dei avslutta veka med uvanlege 9-0 mot Eid. Og det til og…

Førde er suverene i årets 3. divisjon, og avslutta vårsesongen med å slå Eid heile 9-0 i Hafstadparken fredag kveld.

For ei fantastisk veke det har vore for damelaget. På onsdag nedkjempa det unge Førde-mannskapet Åsane heile 5-2 i NM for 19-årslag, før dei avslutta veka med uvanlege 9-0 mot Eid. Og det til og med når fleire av dei mest profilerte spelarane sat på benken, eller faktisk var på sidelinja. Mellom anna stod begge dei to landslagsaktuelle Kaja Johannessen Skrede og Kristina Hjelmeland Berqvam over kampen for å samle overskot til landslagssamlinga i Porsgrunn komande veke.

Toppscorar

Kaptein og nestor Vibeke Solheim nytta høve til å score tre mål i oppgjeret med Eid, og så lenge Inga Hoff fekk kvile heile oppgjeret, så stakk Vibeke Solheim også av med toppscorar-tittelen i 3. divisjon med sine 10 mål. Medan Inga Hoff vart ståande med 9 mål.

Totalt har Førde gått gjennom denne vårsesongen med sju kampar utan tap, og fantastiske 40-9 i målskilnad. Det betyr at duoen Andrea Flatjord Gjelsvik og Bjørn Tore Løkkebø begge to traff akkurat med tal scoringar i årets scoringsklubb.

Overskot

-Vi har gått 51 000 kroner i overskot på scoringsklubben, og satsar på å starte opp tilsvarande til haustsesongen når vi skal møte lag frå Hordaland, seier lagleiar Atle Skrede og kan vise til at heile 300 personar har delteke på scoringsklubben denne våren.

Tekst og foto: Stig Roger Eide 

KAMPFAKTA

3.divisjon kvinner

FØRDE-EID 9-0 (3-0)

Hafstadparken

100 tilskodarar

Mål:

1-0 3 min Helene By Vikøren

2-0 34 min Vilde Sunde Wie

3-0 41 min Vibeke Solheim

4-0 51 min Alette Slåtten Ulltang

5-0 67 min Johanne Støfring

6-0 72 min Martine Honningsvåg Aarnes

7-0 74 min Vibeke Solheim

8-0 77 min Vibeke Solheim

9-0 81 min Johanne Støfring

Førde: Marthe Gjerde Stølen (Sofie Honningsvåg Aarnes i 83. min), Viktoria Zablotna (Johanne Støfring i 49. min), Synne Bell Folland (Inga Hjelmeland Berqvam i 58. min), Bertine Hauge Angedal (Marit Hjelmeland Berqvam i 73. min), Lea Oline Aamot Fonn, Helene By Vikøren (Martine Honningsvåg Aarnes i 59. min), Dina Sande Søgnen, Sigrid Welle (Alette Slåtten Ulltang i 50. min, Sigrid Welle i 79. min), Andrea Ynnesdal Myren, Vilde Sunde Wie, Vibeke Solheim

    Relatert