Ny lisens i boks
Vi gratulerer Alexander med godkjent UEFA A-lisens.

Gjennom 2025 har hovudtrenar for a-lag herrer, Alexander L. Lekva, tatt UEFA A-lisens gjennom Norges Fotballforbund. Denne veka var han i Oslo for å legge fram oppgåva og presentere sin trenaridentitet. I dag, onsdag, fekk han det synlege beviset på at han no er lisensiert med UEFA A-lisens som trenar.
UEFA A-lisens er det nest høgaste nivået i hovedtrenarutdanninga. Utdanninga søker å utvikla trenarar som skal vera konkurransedyktige i nasjonal og internasjonal toppfotball, samt forbereda dei som ynskjer å søka videre til UEFA Pro-lisens i fremtida. Rammene for UEFA A-lisens er satt og godkjent av UEFA og er gyldig i alle UEFA-medlemsland.
Eit djupdykk i relasjonskompetanse
Kurset strekker seg over 11 månadar, fordelt på fellessamlingar, gruppesamlingar, klubbesøk og tilhøyrande mellomfasearbeid. I denne perioden har Alexander dykka ned i ei fordjupningsoppgåve retta mot leiing. Det starta med fokus på spelarutvikling, og kvifor Førde ikkje har klart å rekruttera fleire spelarar til toppfotballen dei siste åra. Etter å ha gjennomført samtalar med relevante personar i klubben, vart problemstillinga endra til å omhandle korleis trenarar skapar gode prestasjonsgrupper.
Kultur er viktig for å skapa ein god klubb og eit godt lag. Mandag presenterte Alexander oppgåva der relasjonskompetanse var sentralt. Tysdag var trenaridentiteten på agendaen, der Alexander skulle legge fram kven han er som trenar, korleis jobbar han på trening og korleis ser han spel ut.
Kompetanse er viktig
Bjørn Totland, som er trenar- og spelarutviklar, har hatt godt fokus på trenarkurs gjennom 2025 og arrangert og gjennomført alle fire delkursa i NFF Grasrottrenaren for trenarar i Førde og omegn. Som sertifisert NFF Kvalitetsklubb, og pilotklubb på NFF Kvalitetsklubb + så har vi kompetansekrav å følge opp. I kriteriesettet det satt mål om trenarkompetanse på samtlige lag frå 6 år til seniorfotballen.
Vi i Førde IL Fotball gratulerer Alexander med bestått UEFA A-lisens.
