NY HOFTE I JANUAR, PÅ BANA IGJEN NO

Publisert 23.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Denne karen her let seg ikkje stoppe, nei. I fjor haust sleit han med å fullføre haustsesongen grunna smerter, men etter hofteoperasjon i vinter, er Raggen no tilbake. Det var mange som sperra opp auga då dei såg kven som skulle dømme G16-kampen i Adidas Cup i Hafstadparken laurdag. For dommar i oppgjeret mellom Førde…

Denne karen her let seg ikkje stoppe, nei. I fjor haust sleit han med å fullføre haustsesongen grunna smerter, men etter hofteoperasjon i vinter, er Raggen no tilbake.

Det var mange som sperra opp auga då dei såg kven som skulle dømme G16-kampen i Adidas Cup i Hafstadparken laurdag. For dommar i oppgjeret mellom Førde og Nordhordland var sjølvaste Ragnar «Raggen» Åmot.

-Ja, no føler eg at eg langt på veg er tilbake. Eg har dømt to andre kampar med aldersbestemte lag denne veka, og det har gått heilt greitt, seier Raggen og fortel at han så seint som 30.januar i år låg under kniven på operasjonsbordet på Sentralsjukehuset i Førde.

Under tre månadar

-Det er under tre månadar sidan hofte-operasjonen, og nokon vil seie at det er kort tid. Eg vil heller seie at det har teke lang tid, smiler Raggen i kjent stil når Førde-patrioten tek av ein prat med den profilerte dommaren i pausa.

-Førde-patrioten? Du kan no iallfall ikkje kalle meg det, ler Raggen som truleg er ein av dommarane i norsk fotball som har dømt fleste kampar.

Rekordmange

-Ja, det kan no godt hende. Eg har bokført 1756 seniorkampar på alle desse åra. Det gjeld då obligatoriske kampar i serie og cup. Sskulle eg ha rekna med treningskampar og aldersbestemte kampar og slikt, ville det vere vanskeleg å telje, seier Raggen som ikkje har tenkt å pensjonere seg frå pipeblåsinga enda.

-Nei, no har eg no fått meg ei ny hofte. Så lenge eg maktar å halde følgje under kampane, så held eg på. Men eg må innrømme at eg har ikkje den same farta som før. Men kanskje den kjem litt etter kvart, smiler Ragnar Åmot og gjev beskjed om at han må starte 2.omgang mellom gutelaga, og hentar fram fløyta.

Ein kamp som Raggen dessutan dømte prikkfritt, og kor heimelaget Førde vann 3-0.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert