Ny festdag i Hafstadparken?
Igjen håpar vi DU tar turen til parken laurdag.

Forrige helg var det mykje aktivitet i parken, med keepersamling, soneturnering, adidas cup og to viktige seniorkampar. Laurdag er det på ny stor aktivitet med tre spennande kampar.
Damelaget vårt i 3. divisjon Vestland starta forrykande med ein god kamp mot nyopprykka Nordhorland BK. Sjølv om bortelaget fekk servert eit trøstemål til slutt, var det stor dominans gjennom 90 minutt. Til slutt stod det 3-1 og a-laget vårt tok tre viktige poeng i premiera. I helga kjem Askøy på besøk. Det blir ein annan kamp, mot eit lag som i fjor havna over Førde på tabellen. Laurdag klokka 15:00 blir det på ny spennande å sjå om våre beste jenter tar tre nye poeng.

Før damekampen er G16 i aksjon i Adidas cup. Motstandar er Åsane, som er forventa å gje heimelaget ein tøff kamp. Vår 2009-årgang starta godt i fyrste runde med 3-1 seier mot Varegg forrige søndag. Denne helga må gutane igjen opp på sitt besta for å ta ein ny seier.
Laurdagen blir avslutta med eit herleg lokalderby. Kretsligaen startar opp med Førde 2 – Jølster. Avspark er 17:30, og Førde vil ha fleire a-lagsspelarar med frå start.
Eit utviklingslag
Nytt av året på Førde 2 er Ørjan Hoff Vikum som ny hovudtrenar. Han overtok ansvaret etter at Benny ville trappe ned etter fjorårssesongen. I tillegg til ny trenar, har også vi som klubb tydeliggjort vårt speldokument. Gjennom årets sesong skal ein sjå meir og meir igjen det a-laget visar i Norsk Tipping-ligaen når Førde 2 er i aksjon i 4. divisjon. Hensikten med det er sjølvsagt å skapa vår raude tråd i vår identitet, men også for å legga godt til rette for våre spelarar som bankar på døra til a-laget. Å spela på samme måte vil gje dei gode mulighetar til å visa seg godt fram. B-laget vårt skal vera eit utviklingslag.
På Førde 2 i år vil vi sjå spelarar som startar på benken på a-laget, vi vil sjå fleire spelarar frå treningsgruppe to og det vil vera ein arena for hospitantar på ungdomslag. Førde 2 blir eit spennande lag å møta, i ein serie som er tøff og tett. Allerede i fyrste kamp får vi eit fyrverkeri av ein fotballkamp.
Møt opp i Hafstadparken og bli der dagen ut!
Knut Strand Løseth med tabelltips!
Endelig er det lokalfotball att, og som alltid er det viktig å legge hovudet på blokka og synse om sesongen som kjem.
- Årdal – attende på kretsnivået etter eit år i divisjonen over. Rike på erfaringar og sikkert svoltne på å komme attende dit. Framleis eit sterkt mannskap, sjølv om nokon spelarar er vekke. Trur det blir kniving heilt til siste slutt, men held ein knapp på at eit fyrstelag , med enorm supporterskare, skal ta turen opp dette året.
- Sogndal 2 – I tett kamp med Årdal. Sogndal 2 har blitt “nestenlaget” dei siste åra, og eg tur det blir nesten igjen. Mykje heng på korleis fyrstelaget til Sogndal gjer det, og korleis ein kan prioritere. Vonar vi slepp kampar som Jølster – Sogndal 2 for 2 år sidan denne sesongen.
- Eid – Blir stadig overraska over kor godt Eid heng med i Kretsligaen. Noko varierande i før-sesongen, men ny keeper denne sesongen, og lite utsikftningar, trur eg vi ser nok ein tredjepass til dei gule og svarte. Det ubesvarte spørsmålet, kvart år, er i kva grad K. Lefdal vil score nok mål til at ein heng med heilt i toppen.
- Florø – Her blir ein nok skulda for å vere for “førdianar”, men resultata i treningskampane har ikkje imponert. Omstilling tek tid, og det er gledeleg å sjå mange lokale florøgutar i lagoppstillinga, men eg trur dei treng ein mellomsesong før dei er klare til å kjempe om opprykk. Håper eigentleg eg tek feil, for 16.mai kamp mellom dei to rivalane i NT-ligaen blir eit sakn i år.
- Stryn – Etter eit par svake sesongar – til Stryn å vere – verka det å løsne ut på hausten i fjor. Vonar dei tek med seg denne gode trenden inn i årets sesong. Spelaren å legge merke til, O Ørjasæter kan ikkje vinne nok kampar åleine, men vil vere ein spelar å følgje med på. Fleire unge spelarar med fleire sesongar på baken allereie skal nå kunne bite godt frå seg. Spørsmålet er om dei har gitt frå seg for mange spelarar til andre klubbar til å kunne kjempe blant topp 5. Eg trur dei klarer det, så vidt.
- Førde 2 – Som andrelag er det ikkje å vente at Førde 2 skal kunen henge med i toppen gjennom sesongen, men at ein skal kunne slå alle trur eg vi kan vente. Det blir kampar med mykje ungt, det blir ein rehabiliteringsarena, ein kampformareana, og ein hospiteringsarena. Mange gode kampar, og resultat i vente, og ei respektabel plassering midt på tabellen til slutt.
- Høyang – Eit lag som balanserer mellom det seriøse, og det kjekke. Siste åra har det gitt mykje god fotball, og gode resultat, på Sletta. Uvisst om ein klarer å halde dette framover. Mange ringrevar i dette laget som, om dei har trena godt, vil kunne hjelpe unggutta til ein plass høgare enn dette tipset. Samstundes veit vi at å gå fåor lenge på eit nivå gjer at ein misser litt av motivasjonen. Oddsbomba å tippe Høyang under midten på tabellen.
- Dale – Overpresterte kanskje våren i fjor, og fekk det tøft på hausten. Mista to sentrale spelarar, som ein har erstatta gjennom vitneren. Mykje rutine er henta inn, og framleis ein del unge spelarar i troppen. Mista sin viktigaste målgarantist i V. Dyrstad siste kamp før sesongen, noko som vil merkast. Lang tur til Dingemoen Idrettspark for mange klubbar i Nordfjord kan gi ein stor heimefordel.
- Kaupanger – Her skal treningskampane få telje i favør Kaupanger, og eg tipper dei overlever comebacket i Kretsligaen. Mange lag i Sogn gjer at det er sterk konkurranse om spelarane, og då kjem gjerne Kaupanger litt dårlegare ut enn resten. Mange nye frå Stundespretten – som gjekk i oppløysing i fjor. S. Rørvik er gjerne ligaens raskaste spelaren i ligaen, og ein trussel åleine. Avhengig av å få ein god start, og bygge på treningskampane, om dei skal leve opp til dette tipset.
- Sandane – Ein liten tropp som har prestert godt saman over tid vil gjere det mogleg å overleve i Kretsligaen. Ikkje like sterkt lag, i mine auge, som for eit par år sidan. Mange nye spelarar frå Breimsbygda, men uvist om det gir nok kvalitet til å kjempe oppover på tabellen. Mats Wie og Petja Cink attende frå Hyen vil nok sørge for ein del mål, men er dette nok?
- Jølster – Då står vi att med laga som ein tippar ned, og Jølster blir då eit av desse. Ikkje dei beste resultata i treningskampane gjennom vinteren, og ein tropp som ikkje vil tole skader/suspensjonar på enkeltspelarar. Trur vi kan få eit rotterace om 9, 10, og 11- plassen i år, men før sesongen ser det ut som om Jølster trekk det kortaste strået, og må håpe at både Førde og Fjøra held plassen i ligaen over.
- Bremanger – Rett ned att er tipset for Bremanger. Kjedeleg, for det er ein av plassane eg verkeleg liker å reise for å sjå/spele kamp. Må gjere Bremanger til eit fort om ein skal klare å kjempe seg oppover på tabellen. Brødrene Rylandsholm held framleis koken, og det er ein del gode spelarar på Bremanger også, men dei kan ikkje lite på lånespelarar frå Florø slik ein har gjort tidlegare år, og då trur ein bredden blir for svak. Håper ein heng på lenge, slik at det blir ein spanande sesong heilt inn.
Lukke til med sesongen alle saman!