Norway Cup – Dag 1
Endeleg var Norway Cup i gong, og dag 1 gav både glede og litt skuffelse. Det fine med NC at det allereie måndag er nye moglegheiter. Status etter dag 1 er: 9 kamper med seier, 1 uavgjort og 4 tap. Uansett siger eller tap – Koket på Norway Cup hotellet vårt viser at like kjekt…
Endeleg var Norway Cup i gong, og dag 1 gav både glede og litt skuffelse. Det fine med NC at det allereie måndag er nye moglegheiter. Status etter dag 1 er: 9 kamper med seier, 1 uavgjort og 4 tap.
Uansett siger eller tap – Koket på Norway Cup hotellet vårt viser at like kjekt som det sportslege er det sosiale. Her er tap gløymt – og ein utnytter blant anna flotte bademoglegheiter.
Litt kort om kampane dag 1:
J14: Førde 2 – Hokksund 1-4 og Førde 1 – Oppdal 5-7. Det enda altså med to tap. Førde 2 var spelemessig absolutt på høgde med Hokksund, men ei var litt meir effektiv foran mål. Den andre kampen med Førde 1 vart av det målrike slaget, og det vart ein thriller av ein kamp. Her kunne Førde like gjerne stått igjen med tre poen. Ikkje marginer for J14 laga på dag1, men nye moglegheiter allereie måndag.
J15: Førde – Stabæk 0-6 . Det vart ein tøff start for J15 mot eit godt Stabæk lag. Jentene rista av skuffelsen fort, og er klar for å revansjere tapet måndag.
J16: Førde – SIF/Hessa 6-2. Etter ein litt trå start med 0-2, så kom J16 i gong og fekk til slutt ein solid 6-2 siger.
J19: Førde – Fron 2-0. Siger til Førde damene etter mål av Martine Aarnes og Dina Søgnen. Dina sitt mål var eit frispark frå 30 meter.
G14: Førde 1 – Oppsal 2 10-3, Førde 2 – Emblem 10-1, Førde 3 – Krokelvdalen 2-1. Solid start for dei tre 7’er laga i G14. Den stor “snakkisen” fram mot måndag er korleis Førde 3 skal håndtere det indiske laget Minerva Academy FC som kjem frå seier i Dana Cup, og i første kamp vant 25-0.
G15: Førde 1 – Vedavåg/Karmøy 4-1, Førde 2 – Skreia/Kolbu 2-0. Full pott også for G15, så gjengen ser allereie fram til nye kampar måndag.
G16: Førde 1 – Olderskog 2-0, Førde 2 – RISE (USA) 0-1. To jamne kamper som kunne bikka begge vegar. Førde 2 var fullt på høgde med det amerikanske laget, og hadde fortent med seg poeng. Her blir det sannsynlegvis to jamne puljer der alt kan skje.
G17: Førde – Vardaneset 2-2. Dag 1 sin einaste uavgjort for Førde lag. Rapportane seier at Førde hadde fortent tre poeng, men ballen ville rett og slett ikkje mål.
G19: Førde – Langhus 5-1. Langhus tok leiinga i kampen, men etter ein kjapp utlikning her så var det ikkje tvil at Førde kom til å vinne kampen. Perfekt start og ny kamp allereie måndag kl 11.












