NO ER HAN TILBAKE…..

Publisert 08.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Det er ein styrke at vi får ein midtstoppar til, seier Førde-trenar Terje Rognsø under stormkasta på trening i Hafstadparken onsdag kveld. Spelaren han siktar til er midtstoppar Ole Petter Hjelle Larsen. No er han tilbake i Førde-drakta. I fjor spelte han for rogalandsklubben Vidar i samband med studier i Stavanger. Han skal halde fram…

-Det er ein styrke at vi får ein midtstoppar til, seier Førde-trenar Terje Rognsø under stormkasta på trening i Hafstadparken onsdag kveld.

Spelaren han siktar til er midtstoppar Ole Petter Hjelle Larsen. No er han tilbake i Førde-drakta. I fjor spelte han for rogalandsklubben Vidar i samband med studier i Stavanger. Han skal halde fram med studiene, men fram til desse tek til i haust er han speleklar for Førde.

Speleklar

-Vi har signert overgang med han, og han er speleklar frå dags dato. Truleg blir han med treningskampen til helga også, seier Terje Rognsø medan vinden og regnet piskar i ansiktet.

Ole Petter forlot Førde etter 11 kampar midt i fjorårssesongen, og fekk deretter spele åtte kampar for Vidar, som på same måte som Førde kjempa i toppen av 3. divisjon i si avdeling.

Til Sogn

Allereie fredag kveld spelar nemleg Førde årets første heimekamp. Då er Kretsligaklubben Fjøra motstandar inne i Sognahallen.

-Vi har dei fleste spelarane skadefrie for tida, så vi mønstrar truleg ei stor tropp til denne kampen, seier Rognsø føre årets første kamp for Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert