LÆRAREN HAR LAGA SUPPORTERSANG OM ELEVANE SINE
-Fem av desse spelarane har eg hatt som elevar på ungdomsskulen i snart tre år, seier Vegard Nesje. No har læraren laga ny supporter sang kor han syng om elevane sine. Under Adidas cup-kampen mot Nordhordland runga ei ny låt på høgtalaranlegget i Hafstadparken. No var det ikkje berre «Kom igjen Førde» som råda grunnen.…
-Fem av desse spelarane har eg hatt som elevar på ungdomsskulen i snart tre år, seier Vegard Nesje. No har læraren laga ny supporter sang kor han syng om elevane sine.
Under Adidas cup-kampen mot Nordhordland runga ei ny låt på høgtalaranlegget i Hafstadparken. No var det ikkje berre «Kom igjen Førde» som råda grunnen. I tillegg ljoma songen «Førde 07» over kunstgrasmatta i Hafstadparken. Viss du har lyst til å gå inn på Spotify for å høyre låta, så er det berre å følgje denne linken:
Hyllest
Låta er skriven og spelt inn av ungdomsskulelæraren Vegard Nesje, som for tida fullfører det tredje året med elevane i 10a på Halbrend skule. I denne klassen går Førde G16-gutane Marius Øksenberg, Ruben Jordanger, Emil Frøysland, Steffen Vårdal Helle og Matias Steen. I songen «Førde 07» blir også dei 9 andre spelarane frå Halbrend sitt 10-trinn hylla.
– Eg har no laga to songar til elevane mine. Eg må sei eg er litt overraska over responsen. Eg tok det ikkje for gitt at dei frivillig ønska å høyre stemma mi på fritida, etter å ha blitt tvungen til å høyre på den i tre år på eit klasserom, smiler Nesje.
I band
Ved sida av å vere lærar er Nesje hobbymusikar.
– Ja, eg spelar i eit band saman med Ivar Bruvik. Vi har begge ein forkjærlighet for 60- og 70-talet. Coverbandet vårt har vi derfor valt å kalle «Vinyl». Vi spelar også musikk frå dei etterfølgande tiåra og opplev at vi treff mange i publikum med songutvalet vårt. Om ein ønsker live-musikk til eit arrangement er det berre å ta kontakt, smiler han.
Med den nye songen i bakgrunnen herjar 07-spelarane til lærar Vegard Nesje mot Nordhordland og vinn til slutt 3-0.
Tekst og foto: Stig Roger Eide