Kretsmester i Futsal

Publisert 03.03.2025 av Helge Bjørke

Del via

1-0 seier mot Eid førte Førde J16 til topps i SSF KM Futsal.

I helga vart sluttspelet i SSF KM Futsal gjennomført. Førde deltok med fjorten lag, og var representert i alle klassar utanom jenter og gutar 13 år. Fleire av våre lag beit godt frå seg, best av dei alle var vårt J16-lag.

J14 vann mot Syril i bronsefinalen, J15 tapte mot Eid i finalen og J19 tapte 2-1 mot eid i sin finale. Med andre ord enda vi med eit gull, to sølv og ein bronse på jentesida. På gutesida var G15 nærast, med finaletap mot Florø. G19 tapte bronsefinalen 3-2 mot Eid, G14 vann 1-0 mot Stryn i sin bronsefinale.

2009-årgangen fortsetter sin suksess

2024 var eit fyrverkeri av eit år for jentene i Førde som er fødd i 2009. Dei hadde eit eventyrisk Norgesmeisterskap som enda med ein semifinale. Sjølv om det vart tap der, kan dei sjå tilbake på eit NM av historisk karakter.

På Futsalen i helga viste dei igjen kva som bur i jentene. I gruppespelet møtte dei Sogndal, Måløy, Eid og Loen. Det enda med tre sigrar, og eit 2-0 tap mot Eid. I semifinalen vann dei 1-0 mot Gaular, før dei igjen skulle møta Eid. Denne gongen i finalen. Der fekk førdejentene revansjert seg og kunne smukka seg med tittelen kretsmeister.

Anastazja Zukrowska, Andrea Løkkebø Lekva, Herborg Humlestøl-Titlestad, Johanne Olset Reidarsson, Karoline Evebø Grov, Malin Otternes, Rikke Fraas Øren, Solveig Hoff og Thea Kjelsnes var på laget som gjekk til topps i SSF KM Futsal på Sandane i helga.

Eid og Florø sterke i fleire klassar

Sogndal vart kretsmeister i G13. I G14 klassen var det Florø som blei kretsmeister, etter 2-1 siger over Jotun. I G15 klassen var det Florø, som slo Førde i finalen, som blei krona som meister. Eid gjekk til topps i G16 og i G19 klassen var det Sandane som vann, etter ein triller av ein finale mot Balestrand. Til slutt stod det 5-4 til Sandane.

På jentesida var det Gaular i J13, Måløy i J14, Eid i J15 og Eid i J19 som blei kretsmeister. Eid slo Førde i J19-finalen 2-1 og i J15-finalen 4-0. Der var då godt at Førde fekk ein slags revansje med siger over dei i J16-finalen.

Vi takkar Sandane for eit godt arrangement og NFF Sogn og Fjordane for vel gjennomført kretsmeisterskap. Gratulerer også til alle vinnarar.

Les meir og sjå bilder på fotballkretsen sine sider: https://www.fotball.no/kretser/sogn-og-fjordane/aktivitet/futsal/resltat-og-bilete-fra-ssf-km-futsal/

Relatert