Kom på kamp!

Publisert 01.10.2024 av Helge Bjørke

Del via

Med fem kampar igjen av årets sesong i 3. divisjon kvinner Vestland, kjempar Førde for å halde seg i divisjonen. Du er nøkkelen.

Søndag 6. oktober kjem Fyllingsdalen 2 på besøk, torsdag 10. oktober kjem Askøy, søndag 27. oktober kjem Bjarg og 3. november er det sesongavslutning mot Voss. Alle dei fire dagane vil klubben sjå deg i Hafstadparken, for å hjelpa damene våre til seier.

Målet er å skapa ei ramma i Hafstadparken, slik at poenga blir igjen i Førde.

Ein javn serie

Fyllingsdalen 2 på 7. plass har 23 poeng, Førde på 9. plass har 21 poeng, Åsane 2 som ligg på fyrste nedrykksplass (11.plass) har 20 poeng og Voss på 12. plass har 16 poeng. Det er med andre ord jevnt. Åsane 2 har riktig nok ein kamp meir spelt, men avslutninga av årets serie blir eit kappløp utan like. Heimefordelen ynskjer me å utnytta.

Kampar å revansjere

I vår, då Førde møtte dei fire laga på bortebane, vart det tap eller poengdeling. Vi har med andre ord stor revansjelyst. Det enda med to-målstap mot FK Fyllingsdalen 2 og Bjarg, mens det vart 1-1 i oppgjera mot Askøy og Voss. Oppfordringa er derfor klar: kom på kamp!

Søndag 06. oktober 15:00: Førde – Fyllingsdalen 2, Hafstadparken
Torsdag 10. oktober 19:00: Førde – Askøy, Hafstadparken
Søndag 27. oktober 15:00: Førde – Bjarg, Hafstadparken
Søndag 3. november 15:00: Førde – Voss, Hafstadparken

Relatert