KNUT ERIK TEK OVER JOBBEN

Publisert 05.07.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Onsdag ettermiddag var det klart at Knut Erik Folland tek over som hovudtrenar i Førde. – Dette er midlertidig, og eg har som mål å byggje eit lag av lokale trenarar som på sikt kan overta jobben, seier Knut Erik Folland. Folland har stadfesta overfor leiinga i Førde il Fotball at han tek over hovudansvaret…

Onsdag ettermiddag var det klart at Knut Erik Folland tek over som hovudtrenar i Førde. – Dette er midlertidig, og eg har som mål å byggje eit lag av lokale trenarar som på sikt kan overta jobben, seier Knut Erik Folland.

Folland har stadfesta overfor leiinga i Førde il Fotball at han tek over hovudansvaret for Førde sitt A-lag ut sesongen. Samstundes understrekar han at dette er ei midlertidig løysing, og at han har sterke ønske om å få fram nokre av dei lokale trenartypane som klubben har til å ta ansvar. Fleire av desse trenarane har han allereie hatt kontakt med.

-Eg har fast jobb som einingsleiar i Sunnfjord kommune framleis, og har avgrensa med tid. Men når eg vart spurt av styreleiar Arild Sandvoll om eg kunne overta, så sa eg ja. Dessutan har Terje Rognsø vore positiv til at eg gjer dette, ikkje minst overfor spelargruppa. Eg har jo vore med rundt laget det siste halve året, og kjenner spelarane ganske godt, seier Folland.

Høgt nivå

Knut Erik har tidlegare vore spelar i mange år på Førde, og var også hovudtrenar i klubben i perioden 2007 til 2014. Dessutan har han assistert Terje Rognsø den siste sesongen.

-Då eg trente klubben sist, var vi oppe i det øvre sjiktet av 2. divisjon. Faktum er at nokre av dagens spelarar i Førde-fotballen har individuelle ferdigheiter på eit høgare nivå enn då. Her er mange spennande spelartyper, og målet må vere å få dei til å utvikle seg. Det er ein enorm breidde i aldersbestemt fotball, og det handlar om å hjelpe klubben for å komme gjennom ein utfordrande situasjon, seier Folland som understrekar at han allereie har sondert terrenget med tanke på å finne medhjelparar.

-Og eg står heller ikkje i vegen for andre som vil slippe til, seier han.

Få opp unge trenarar

-No er det så mange talentfulle og unge trenarar i klubben at det skulle ikkje vere vanskeleg å finne ein eller fleire som kan bidra. Dette handlar om å få kompetanseheving på trenarsida, slik at klubben på sikt også skal ha lokale trenarar. For ikkje noko er så kjekt som å sjå ein svært stor spelarstall berre med lokale spelarar. Det er kort og godt fantastisk. Og mange av desse kjem til å ta steg, seier Folland og ser elles at klubben har utvikla seg mykje sidan han sist var inne som trenar.

-Det er klart at med den erfaringa eg har som trenar, så skal det vere mogleg å få utvikla ein del lokale trenarar også. Min motivasjon for å gå inn i jobben er iallfall fundert på det. Og mantraet kan vere: Lokale trenarar for lokale spelarar, seier Folland.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert