Kniksen akademi og referansetiltak i Hafstadparken

Publisert 22.05.2025 av Helge Bjørke

Del via

Brann kjem til Førde laurdag for å måle seg mot gutar og jenter i aldersgruppa 12 til 14 år.

2.-3. mai var SK Brann i Førde for å arrangere Kniksen akademiet. Det er andre året sportsklubben er i Hafstadparken for å skapa ei treningshelg for våre spelarar. Gjennom to dagar får spelarane fire økter med trenarar frå Kniksen akademiet, der også våre trenarar får mogelegheit til å vera med. Tiltaket er fyrst og fremst eit spelarutviklingstiltak, men vi ser også gevinsten med at våre trenarar får mogelegheit til å vera med å henta inspirasjon frå korleis trenarane i Brann jobbar.

Kniksen-Akademiet er eit ekstratilbod til unge fotballspelarar frå 8 til 16 år i Bergens-regionen. I tillegg til faste treningar der, reiser trenarar og dei ansvarlege i Brann rundt og held treningssamlingar. Den typen samlingar skal, som dei faste treningane dei tilbyr i Bergen, vera eit supplement til treninga i eigen klubb.

– Det at vi i Førde får tilgang til og har eit så godt samarbeid med Brann, styrkar vår spelarutviklingsmodell og gjev våre spelarar ein annan inspirasjon enn vi gjer dei til dagleg, fortel spelarutviklar Bjørn Totland. Han er glad for at SK Brann er på tilbudssida, og opplever samarbeidet mellom klubbane som veldig godt.

Fleire tiltak gjennom våren

I tillegg til Kniksen akademiet, kjem også SK Brann til Førde no til helga. Då skal spelarar i aldersgruppa 12-14 år få mogelegheita til å spela kampar mot Brann. Det vil bli spelt seks kampar i løpet av laurdag. På jentesida stiller Sunnfjordakademiet med tre lag; J12, J13 og J14. Det er spelarar får heile Sunnfjordregionen. På gutesida er det FørdeFlorø som stiller med G12, G13 og G14.

Tiltaket komande helg er eit referansetiltak for spelarar i aldersklassen 12-14 år. Denne type tiltak meinar vi er viktig for vår spelarutvikling. Det gir referansar for kor vi står opp mot andre gode utviklingsmiljø. Vi trur det gir inspirasjon og motivasjon til å fortsette utviklinga for våre spelarar og at det gir ei auke i fotballglede i det å møte nye lag.

Kampoppsett laurdag 24. mai, i Hafstadparken:

12:00 FørdeFlorø G13 – Brann G13, bane 1 (2 x 40 min, 11ar)
1200: Sunnfjord J12 – Brann J12, bane 2 (2 x 35min, 9ar)

1345: Sunnfjord J14 – Brann J14, bane 1 (2 x 40 min, 11ar)
1345: FørdeFlorø G12 – Brann G12, bane 2 (2 x 35 min, 11ar)

1530: FørdeFlorø G14 – Brann G14, bane 1 (2 x 40 min, 11ar)
1530: Sunnfjord J13 – Brann J13, bane 2 (2 x 40 min, 11ar)

Relatert