Klubbinternt Fotballeiarkurs 1
Laurdag var 22 klubbrepresentantar samla på Scandic Sunnfjord.
FLK 1 er Norges Fotballforbund sitt fyrste av totalt fire leiarkurs. Formålet med det fyrste kurset, er å gje deltakarane grunnleggande forståing av fotballen si organisering, kven NFF er, kven klubben er og korleis aktiviteten blir styrt.
Våre verdiar, vår visjon og våre retningslinjer seier noko om kven vi er, kvar vi vil og korleis vi skal gjera det. I Førde er visjonen tydeleg, medan våre verdiar blei sett nærare på i kurset. Kurset legg mykje vekt på dette med Fair play, og korleis alt vi gjer påverkar omdømmet vårt. Både internt og eksternt.
Det var ein ambisjon frå klubben si side å definere nye verdiar.
Eit godt oppmøte
Styret og administrasjonen er veldig fornøygd med oppmøte. Ettersom det var eit klubbinternt kurs, fekk vi som klubb også utnytta tida til å ta opp viktige ting frå kvardagen. Kommunikasjon, tilrettelegging, oppfølging og samarbeid var mellom anna viktige tema vi diskuterte. Med mange engasjerte deltakarar gjekk dei seks timane kurset varte, raskt på Scandic Sunnfjord.
Eit forarbeid til årsmøtet
Som ein del av kurset gjennomførte vi ei øving der deltakarane skreiv ned tre verdiar som er viktig for dei sjølve, og som dei meiner passar til klubben. Dei tok så med seg sine tre lappar inn i ein gruppediskusjon, der formålet var å samla seg om tre verdiar innad i gruppa. Til slutt samla vi dei fire gruppene, som presenterte kvar av sine tre verdiar. Totalt fekk me følgande ulike verdiar fram: glede, inkludering, trygghet, utvikling, vinnervilje, samhold og respekt.
Desse verdiane dannar grunnlag for det vidare arbeidet for å definera våre verdiar. Ei mindre arbeidsgruppe vil utarbeide eit forslag til styret, som vil komme ut på høyring til klubben sine medlemmar. Førde IL Fotball sine nye verdiar blir vedteke på årsmøtet i 2025. Styreleiar Lars Eivind Solnørdal og sportsleg leiar Helge Bjørke vil ha ansvar for arbeidet vidare.