KAPTEINEN BLIR SNART MENIG SOLDAT

Publisert 27.05.2022 av Emil Rasmussen

Del via

KAPTEINEN BLIR SNART MENIG SOLDAT Med 8-0-siger over Sogndal, hadde midtstoppar og kaptein Una Claussen Thingnes ein roleg kveld på bana. Snart skal ho inn i miltæret og passe grensa mot Russland, men då som menig soldat.   -Ja, eg skal i militæret frå nyttår. Då skal eg gjennomføre 12 månadars førstegangsteneste på grensa til…

KAPTEINEN BLIR SNART MENIG SOLDAT

Med 8-0-siger over Sogndal, hadde midtstoppar og kaptein Una Claussen Thingnes ein roleg kveld på bana. Snart skal ho inn i miltæret og passe grensa mot Russland, men då som menig soldat.

 

-Ja, eg skal i militæret frå nyttår. Då skal eg gjennomføre 12 månadars førstegangsteneste på grensa til Russland. Det blir garantert ei stor endring, seier Una Claussen Thingnes rett etter at Førde-damene har vunne heile 8-0 over Sogndal.

 

Kaptein

-Dette var ein svært god kamp av oss, og vi hadde eigentleg god kontroll gjennom heile oppgjeret. Og det er artig å spele fotball når det fungerer så godt, smiler 2003-årgangen som denne sesongen har vore lagets kaptein.

 

-Ja, eg var kaptein når eg spelte for Tambarskjelvar også, og har fått same oppgåva her dette året. Det er kjekt. Men når eg skal i militæret, så blir eg berre vanleg menig soldat, ler midtstopparen og såg at lagvenninnene på laget score heile åtte mål mot Sogndal. Dermed revansjerte dei det forsmedelege tapet dei hadde mot Sandane i siste serierunde.

 

God midtbane

-Ja, det var godt at vi fekk det skikkeleg til å svinge i dag. Midtbana med Lea Storøy, Thea Holsen og Stine HIllersøy tok fatt i oppgjeret tidleg, og vi kom til mange sjansar. Ja, dette var ein flott fredagskveld, smiler kapteinen.

 

Førde sine mål vart scora av Sigrid Welle (2), og ho vart også kåra til banas beste, Lea Storøy (2), Inga Hoff (2) og eitt mål på både Sofia Hagen Paulen og Thea Holsen.

 

Neste kamp for 3. divisjonslaget Førde er ein utsett kamp på Fosshaugane Campus førstkomande måndag mot same lag som dei møtte fredag kveld, Sogndal/Sogndal FK 2.

 

Kampfakta

Førde-Sogndal/Sogndal FK 2 8-0 (4-0)

100 tilskodarar

 

Mål:

  1. 8 min Inga Hoff
  2. 18 min Sigrid Welle
  3. 28 min Inga Hoff
  4. 41 min Inga Hoff
  5. 59 min Lea Storøy
  6. 61 min Lea Storøy
  7. 83 min Sofia Hagen Paulen
  8. 89 min Thea Holsen

Førde: Sofie Honningsvåg Aarnes (Ingrid Sande Søgnen i 45. min), Marit Hjelmeland Berqvam (Synne Bell Folland i 45. min), Viktoria Zablotna, Linnea Lervik Aamot (Martine Honningsvåg Aarnes i 74. min), Una Claussen Thingnes, Lea Storøy, Stina Hillersøy (Nora Flatjord Gjelsvik i 60. min), Thea Holsen, Sigrid Welle, Inga Hoff

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

 

 
 

Relatert