JENTENE KJEM!
Stadig fleire jenter utdannar seg som trenarar i klubben. Denne veka har trioen Viktoria Zablotna, Frida Skilbrei og Marit Hjelmeland Berqvam hatt praksisøkt under akademitreningane. -Det er kjekt å sjå at stadig fleire jenter tek trenarutdanning. I helga fullførte Vibeke Solheim Grasrottrenarkurset, og i dag er det tre unge jenter som gjennomførar praksisdelen sin i…
Stadig fleire jenter utdannar seg som trenarar i klubben. Denne veka har trioen Viktoria Zablotna, Frida Skilbrei og Marit Hjelmeland Berqvam hatt praksisøkt under akademitreningane.
-Det er kjekt å sjå at stadig fleire jenter tek trenarutdanning. I helga fullførte Vibeke Solheim Grasrottrenarkurset, og i dag er det tre unge jenter som gjennomførar praksisdelen sin i det same kurset under instruktør Karl Martin Opseth Nordbom si kyndige leiing, fortel Bjørn Totland då Førde-patrioten stikk innom Hafstadparken onsdag ettermiddag.
Fleksible
Eit 20-tals unge spelarar får då instruksjon av dei tre damespelarane, og dessutan er også Mathias Helgheim, Jonas Frøiland Nistad og Ulrik Konstantin Nielsen med som instruktørar på kunstgraset.
-No kan vi vere langt meir fleksible med tanke på å gje utdanning til dei som vil. Fleire i klubben tek del i både Akademitreningar, Tine Fotballskule og meir ordinære treningar. Desse tre jentene som tek praksisdelen av utdanninga i dag har også fast trenarjobb for J13-laget kvar torsdag, seier Totland og vert støtta av trioen som storkosar seg med å instruere dei unge.

Nye økter
-Dette er fantastisk kjekt. Vi kosar oss med fotballen, og så kan vi dessutan ta på oss slike oppgåver, fortel trioen og set akademielevane i gang med nye treningsøkter.
Sist helg var det teoriøkt i grasrottrenar-utdanninga i Førde il Fotball, men det er også mange som har teke teke teorien tidlegare og som kan ta praksisdelen når det passar.
-Det er utruleg flott at vi kan vere fleksible på dette området, og tilpasse utdanninga til våre eigne behov, seier Totland.
Tekst og foto: Stig Roger Eide