– I dag smiler vi sjølv om vi tapte

Publisert 03.05.2025 av Helge Bjørke

Del via

Førdejentene møtte eit sterkt Lyngbø-lag i Bergen.

Førre helg opplevde vi ein tøff bortekamp på Sotra. I dag forventa vi ein tøffare kamp på bortebane mot Lyngbø. Heimelaget kjem frå eit fantastisk oppgjer i cupen mot Åsane. Lyngbø stod for den største overraskinga i 1. runde, då dei slo ut eit 1. divisjonslag.

Dagens kamp enda 4-0. Det første målet til Lyngbø kjem etter 25 minutt, der Ellen Vidhammer Tafjord scorar. Vi held 1-0 til pause. I andreomgang scorar Lyngbø tre mål til. Tafjord legg på til 2-0, Kristina Hillestad scorar 3-0 og Malin Røyset Johannesen scoarar 4-0.

Vi opplever at jentene har tatt til seg læringa frå forrige kamp, samtidig som vi justerar oss godt taktisk også, fortel hovudtrenar Bjørn Andre Storøy.

Ein god fotballkamp frå begge lag

Det er ein god og kjekk kamp mot eit knallgodt fotballag. Som trenar er eg stolt over at vi tørr bruka ballen, fortsetter Storøy.

I forkant av kampen handla mykje om dei taktiske justeringane frå oppgjeret mot Sotra. I dagens kamp starta vi presset litt lågare på bana og lykkast betre i det defensive. I tillegg kunne dei som var til stades på Lyngbø idrettspark, eller såg kampen på MyGame, sjå eit bortelag som ville bruka ballen gjennom kampen. Det var også gledelig at to debutantar i Matilde Palma Flaten og Rikke Fraas Øren fekk prøve seg i ein så tøff bortekamp, og står godt i utfordringa.

Det er spesielt å vera fornøygd når resultatet blir 4-0. Vi hadde våre sjansar til å score både eitt og to mål, og burde vore skarpare på to av måla til Lyngbø, oppsummerer Storøy på telefon.

Det var venta at oppgjeret i Bergen skulle bli tøft. Gjennom kampen ser ein at kvaliteten på heimelaget er høgt. Det er då kjekt å sjå at jentene frå Førde kjempar iherdig og står godt opp gjennom kampen. Lyngbø toppar no tabellen med 12 poeng. Førde på si side har 6 poeng og ligg i skrivande stund på ein komfortabel 6. plass. Neste kamp for damelaget er litt usikker når blir, då FKF 2 har meldt ifrå om at dei ikkje kan stilla lag laurdag 10. mai. Meir informasjon om neste kamp vil koma.

Relatert