HØGDRAMATISK, MEN UTAN MÅL

Publisert 10.07.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Plaskregn, sklitacklingar og knottangrep gjorde at Førde sin siste heimekamp før ferien vart ein thriller. Denne kampen innheldt alt, bortsett frå scoringar! Førde hadde sjansen til å ta eit skikkeleg jafs på tabellen med tre poeng, men nyetrenar Knut Erik Folland måtte sjå at det berre vart 0-0 i comebacket på Førde stadion. Likevel var…

Plaskregn, sklitacklingar og knottangrep gjorde at Førde sin siste heimekamp før ferien vart ein thriller. Denne kampen innheldt alt, bortsett frå scoringar!

Førde hadde sjansen til å ta eit skikkeleg jafs på tabellen med tre poeng, men nyetrenar Knut Erik Folland måtte sjå at det berre vart 0-0 i comebacket på Førde stadion. Likevel var han godt nøgd etter kampen.

-Ein fantastisk innsats av spelarane, og dei viser vilje til å vinne. Eg ser at alle spelarane legg alt i boksen, og det følest sikkert litt ille at det berre blir eitt poeng. Men vi gjer eit heiderleg forsøk, og gjer vårt beste, seier Folland etter 0-0 på ei sleip grasmatte.

God dommar

Sjølv om det vart 0-0 i målprotokollen, så hadde kampen dei fleste ingrediensane ein fotballkamp skal ha. Taklingar, trøyehalding, seks gule og eit raudt kort. Men alt vart styrt forbilledleg av kampen beste aktør, dommar Tommy Skjerven frå Kaupanger.

-Dette var ein skikkeleg fotballkamp og akkurat slik det skal vere. Dette er jo kjekt, smilte Norges mest profilerte fotballdommar, Tommy Skjerven, etter kampen. I vår stoppa han opp på rekordhøge 402 Tippeligakampar gjennom karriere si.

Bonanza

I etterkant er det nesten uverkeleg at nokre av sjansane til begge lag ikkje resulterte i nettkjenning. I 1. omgang bølga spelet fram og tilbake, men begge lag hadde likevel sine store målsjansar. Molde hadde eit skot i tverrliggjaren, medan heimelagets Vegard Savland sklei på den blaute grasmatta då han skulle sette ballen i lengste.

Mot slutten av 2. omgang overtok Førde meir og meir av banespelet, og då Molde 2 fekk utvist ein spelar, vart det einvegskøyr. Men flipperspelet framføre Molde sitt mål vippa ikkje Førde sin veg, og heller ikkje innhoppet til Sander Aamelfot det siste kvarteret var nok til å få den forløysande scoringa.

Nøgd Folland

-Dette var ein fantastisk kamp av våre spelarar, og dei har respondert godt på oppgåvene sine. No er det bortekamp mot Raufoss 2 til helga, og då er det nok ein viktig kamp. Etter det er det ferie. Og slik tabellen er i denne avdelinga, så vil det bli mange viktige kampar utover hausten, seier Knut Erik Folland etter oppgjeret.

For faktum er at med berre eitt poeng i kveld, så klatra Førde likevel fire plassar oppover på tabellen, og ligg for tida på 9. plass.

Det kjem meir om kampen litt seinare.

På bildet kunne Vegard Savland ha gjeve heimelaget leiinga, men spissen sklir på den gjennomblaute grasmatta, og Molde-keeperen får handa på ballen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert