Hoff & Knutson Transport er med vidare

Publisert 28.11.2024 av Helge Bjørke

Del via

Torsdag 28. november skreiv Førde IL Fotball og Hoff & Knutson Transport ny samarbeidsavtale.

Hoff & Knutson Transport blir også det neste året ein viktig samarbeidspartnar for Førde IL Fotball. Dei ynskjer å fortsatt støtta oss i arbeidet for ein trygg og god fotballaktivitet. Transportselskapet har vore ein viktig samarbeidspartner i mange år, og det er med stor glede at avtalen blei fornya.

Hoff & Knutson Transport vart etablert i 1991, då i tett samarbeid med Tollpost Globe i Førde. Sidan den gang har dei vokse til å bli ein av dei leiande aktørane i fylket. Det at eit så stabilt og godt transportselskap ynskjer å gjera vår fotballkvardag forutsigbar og god er vi svært glade for.

Førde IL Fotball takkar Hoff & Knutson Transport for avtalen.

Relatert