Herrelaget med nok ein trepoengar

Publisert 03.05.2025 av Helge Bjørke

Del via

Førde står med 13 av 15 poeng etter dei fem fyrste serierundane.

Førde tok turen til Askøy laurdag, og i sola mellom Strusshamn og Follese blei det etter kvart ein nær perfekt bortekamp for Sunnfjordlaget

Bruker troppen
Førde gjorde to endringar på laget som spelte uavgjort førre helg, med Hallstensen tilbake i startoppsillinga og Helgheim med sin fyrste seriestart for året, og samstundes kunne ein registrere eit viktig posisjonbytte. Målscorer Jacob Bergset var flytta opp som spiss, og S. Aamelfot var tilbake på høgresdia av bana.
Mathias [Helgheim] har hatt fleire gode innhopp, og vi var klar over at han har kvalitetar som kunne gi oss gode kombinasjonar. Kacob speler spiss  fordi vi rekna med at Askøy ville komme høgt, og vi ville ha eit oppspelspunkt som kunne ta inn ball feilvendt, og spele kombinasjonar, kommenterer Alexander Lekva som skulle sjå at desse vala bar frukter ganske fort. 

Dette var ingen finspelt fotballkamp, og det fyrste kvarteret var det lite som tyda på at det skulle bli nokon mål. Førde forsvarte seg som vanleg godt, medan Askøy ikkje fekk tempo på ballen. Når Førde prøvde seg satt heller ikkje touchen, og det blei ein krig på midtbana. Fyrste sjansen kom ikkje før vi nærme oss kvarteret, og det var dei marineblå som var farlig frampå med ein av mange cornera. 

Mot Lyngbø taper vi cornerstatisitkken kalt, og i fyrste omgang mot Lyngbø trur eg det er  8 – 0 i cornera til dei. Det fortel at vi er steingode i eigen boks, men og at vi kanskje slepp motstandarane litt for langt opp i bana før vi tek ballen frå dei. I dag kunne det gått gale, men vi står det av, reflekterer hovudtrenaren.

Med denne sjansen opna kampen seg litt, og begge lag kom nærare motstandaren sitt mål. 

Ronaldinhio og Keane i ein og same kropp.
Etter 19 minutter er det Førde som er frampå, men det blir ikkje det heilt store. I alle fall ikkje før den nybakte spissen Bergset vinn att ballen på 20 meter. Omringa av Askøysplelarar tek den lange pålen frå Høyanger både dragningar og overstegsfinter, men det kan ikkje gå. Ballen går (nesten) ut over linja, men Bergset er ikkje kjent for å gi opp. Når alle trur at situasjonen er over kaster han seg inn i ei takling og takler ballen inn framfor mål. Der har Helgheim arbeid seg inn i boksen, og frå fire meter kan han tuppe ballen i mål. 0 – 1, og eit perfekt utgangspunkt for resten av kampen. 

Førde let Askøy trille ball, utan tempo, og sjølv om både ballinnehavet og dødballstatistikken etter kvart er i klart overtak for Askøy blir det sjeldan farleg, og mot slutten av omgangen begynner også bortelaget å komme på hyppigare visittar i motstandaren sin boks. Det blei like fullt ikje farlegare enn at omganen ebba ut med knapp leiing til bortelaget.

Prikkskyting frå 40 meter

Å sei at andreomgang starter på ein annan måte enn den fyrste vil vere løgn, og medan kommentator fortel om kor mykje han tenkjer at dette blir ein treningskamp får Førde ei gåvepakke av motstanderen sin keeper. 25 meter frå eige mål gir han ballen til Førde, og når ballen ender hjå S. Aamelfot på 40 meter er det berre eit tidsspørmål før den hamner i nettet. Keeper Olsen prøver alt han kan, men han må sjå at han blir litt sein for å hindre ballen å gå i mål. 0 – 2, og sjølv om andreomganen ikkje hadde vore finspelt var det tydeleg at det var blitt meir og meir bortelag.

Laget kjemper ned Askøy i dag, og alt vi gjer gjer vi som eit lag, er konklusjonen frå trenerteamet.

Ein perfekt bortekamp

Askøy klarer aldri å spele seg gjennom midten, og ut over i andre omgang blir det berre lange ballar opp i midten. Vi skal ikkje sei at Førde speler gnistrande fotball, men det må ein ikkje med 0 – 2 på bortebane. Klokka har passert 80 minutt når Askøy får si fyrste avslutning på mål (som ikkje blir offside eller frispark), men det tyder ikkje at heimelaget kom med ein sluttspurt. Forsvaret til Førde hadde full kontroll, og vi kan konkludere med at heimekampen mot Lyngbø var eit arbeidsuhell.

Vi er særs klar for å ta imot Åsane 2 neste søndag, og vise oss frå ei heilt anna side enn vi klarte mot Lyngbø, avslutter Lekva, som konstaterer at kampen ebber ut med 0 – 2 til Førde og berre nokon unødige gule kort på slutten av kampen var med på å kaste skuggar over kampen i vårsola på Askøy.

Kampfakta: 

Askøy – Førde: 0 – 2 (0 – 1) 
0 – 1: Mathias Helgheim (19)
0 – 2: Sander Aamelfot (56)

Gult kort: Krystian Piwowarczyk (Askøy), Sander Aamelfot, Thomas Hallstensen, Ovar Høyland, Jakob Bergset (Alle Førde).

Førde
Fredrik Hanssen – Elias Rognebakke (Sander Lekva i 76), Thomas Hallstensen, Ola Rognebakke – Lasse Aamelfot (Ovar Høyland i 90) – Jonas Nistad (Nikolai Hvidsten i 80), Mathias Sagevik, Vegard Lorgen – Sander Aamelfot (Elias Lekva i 90), Jacob Bergset, Mathias Helgheim (Magne Aarøen i 76)

Relatert