HER LEGG DEI GRUNNLAGET
Når spelarane til Førde gjer seg klare til kamp, blir grunnlaget lagt her. -Her får vi alltid god service og næringsrik mat, seier Jens Sagevik. Samarbeidsavtalen mellom Coop Nordvest og Førde il Fotball inneheld mange element, men for spelarane er truleg dette den ein avdei viktigaste med tanke på å vere godt førebudd til kampane.…
Når spelarane til Førde gjer seg klare til kamp, blir grunnlaget lagt her. -Her får vi alltid god service og næringsrik mat, seier Jens Sagevik.
Samarbeidsavtalen mellom Coop Nordvest og Førde il Fotball inneheld mange element, men for spelarane er truleg dette den ein avdei viktigaste med tanke på å vere godt førebudd til kampane. Nokre timar føre kampstart møtest nemleg spelarane i eit eige rom på Coop Extra-kafeen på Kronborg og her diskar butikksjef Martin Haug opp med ferdig mat.
Næringsrikt
-Det går ofte i lasagne eller kylling med ris. Det er lagleiar Jens Sagevik som bestiller maten, og då stiller eg sjølvsagt opp, smiler Martin Haug medan Førde-patrioten stikk innom for å høyre om mattilbodet som spelarane har.
-Dei er her før kvar heimekamp, og så lagar vi niste i samband med borteturane deira. Så i dag på fredag når dei skal til Raufoss så har dei bestilt bagettar med ost, skinke og slikt, seier Martin Haug og ryddar unna koppar og fat i kafeen.

Viktig avtale
Samarbeidsavtalen mellom Coop Nordvest og Førde il Fotball er svært viktig for begge partar. Coop Nordvest viser til at dette er ein av dei større samarbeidsavtalane dei har. Og er ikkje minst viktig då Førde il Fotball har over 1000 medlemmer og derfor engasjerer mange i Førde-samfunnet. Både direkte og indirekte. Mange medlemmer er kundar, og det er også mange av medlemmene i Førde il Fotball som jobbar deltid i Coop Nordvest sine avdelingar. Ikkje minst på sommarstid.
Bortekamp
-Eg trur dette er ein avtale som er ein styrke for begge partar. Vi prøvar å leggje til rette for at iallfall spelarane skal få eit så godt tilbod som mogleg her hos oss. Og tilbakemeldingane er iallfall gode, seier Martin Haug og viser som butikksjef for Coop Extra-kafeen at det er gode tilbod elles til dei fleste i Førde-fotballen.
-Eg trur til dømes ikkje at det er alle som er klar over at viss du har sesongkort for Førde il Fotball, så får du 10 prosent avslag ved å vise det fram i kassa, seier Martin Haug.
Etter kampen på Nammo stadion på Raufoss laurdag tek A-laget til Førde sommarferie, og neste kamp er ikkje før 19. august på bortebane mot HamKam 2.
Men gjennom sommaren er sjansen stor for at du vil treffe på nokre av Førde il Fotball sine medlemmer på jobb i Coop Nordvest-systemet.
DEI STØTTAR OSS, OG VI STØTTAR DEI

Tekst og foto: Stig Roger Eide