Henta referansar i Trøndelag
Johanne Støfring var på klubbesøk til Tiller i februar.

Johanne Støfring debuterte for Førde sitt a-lag 26. august 2022. Det har blitt 45 fleire kampar etter det, og har vore sjølvskreven på laget. Til hausten står studier i Trondheim på planen. Ein tur til Trøndelag for å sjekke ut fotballtilbudet Tiller var derfor på agendaen til Johanne i februar.
For oss som klubb er det gull verdt å ha spelarar som besøker andre klubbar, for å hente referansar og gje oss som klubb muligheten til å læra av andre gode miljø. At dei mellom ana varierer mellom futsal og fotballaktivitet er ein spennande kombinasjon i fotballkvardagen.
– Det var ei veldig kjekk veke der eg fekk trene med veldig gode splarar, fortel Johanne
Vi som klubb vil legge til rette for at dei spelarane som skal vidare på studie får ein god overgang til ny klubb. Når Johanne ønska å reise til Tiller, er det naturlig at vi som klubb hjelper til med å organisera dette. Når vi forstår at Johanne vil glippe for oss frå hausten av, er det naturlig å hjelpe ho, samtidig som vi får læra av eit godt fotballmiljø. Det er ein vinn-vinn situasjon.
Les også: – På jakt etter nye referansar i Ulsteinvik
Vi vil takke Tiller IL for god tilrettelegging og for at dei gjev Johanne denne muligheten.
