Gutar 15 vidare til kvartfinale i Adidas cup
I årets cup er det fleire Førde-lag som visar seg godt fram.

I vår klubb blir Adidas cup sett på som eit flott utviklingstiltak, der vi får møte ny og god motstand frå andre områder enn vår fotballkrets. Gjennom årets turnering har fleire Førde-lag fått fleire gode resultat.
Laurdag var gutar 15-laget vårt i elden i Hafstadparken. Sotra stod på andre halvdel, der vinnaren var sikra kvartfinale-billett i årets cup. Det vart ein tett og javn fotballkamp, som enda med eit heimelag som stod att som vinnarar. Målscorar var Gabriel Wiken, Elias Pettersen og Jakob Grimeland.
Sotra og Førde kjempa begge godt gjennom heile kampen, men til slutt kunne heimelaget jubla for kvartfinale.
Fleire lag med i sluttspel
Gutar 16 skal spela 1/16 delsfinale mot Bønes IL. Dato for denne kampen er endå ikkje beramma, i følge Adidas cup si heimeside. Førdelaget var i gruppa med Åsane Fotball, Varegg Fotball og Nore Neset IL. Kampane mot Varegg og Åsane blei spelt i Hafstadparken, og enda med 3-1 og 4-2 sigrar. I siste gruppekamp, mot Nore Neset, blei det målfest utan like. Kampen som blei spelt i Bjørnafjorden, enda til slutt med 7-5 til bortelaget.
Gutter 14 skal spela 1/16 delsfinale mot FK Fyllingsdalen. Dato for denne kampen er endå ikkje beramma, i følge Adidas cup si heimeside. I fyrste kamp i gruppespelet fekk Førde ein overbevisande 4-2 siger mot Åsane på heimebane. I kamp to blei det ein tøff erfaring mot Varegg i Sandviken. Ettersom G14-laget fekk walkover mot Smørås, enda laget på andreplass i gruppa. Det gjorde til at dei kvalifiserte seg til sluttspelet i Adidas cup.
Gutter 13 blei slått ut i gruppespelet. I fyrste kamp møtte dei tøff motstand i Bergen mot Gneist. I kamp to blei det eit knepent tap i Førde mot Åsane Fotball. Kamp tre blei walkover mot Søreide IL. Tross tre poeng i siste kamp, blei det ein tredjeplass.
Jaktar sluttspel
Jenter 14 er også i gang med årets Adidas cup. 7. juni blei det 2-0 tap mot Voss. Kampen, som blei spelt i Kaupanger er ein av to kampar i jentelaget si gruppe. Kamp to skal spelast på Stemmemyren i Sandviken laurdag 21. juni, mot Sandviken.
Du kan følga cupen og sjå alle resultat ved å gå inn på www.adidascup.no