– Gutane er klare
Årets sesong startar i Sogndal for herrelaget.

Laurdag klokka 13.30 startar årets sesong for herrelaget i Norsk Tipping-ligaen. På andre sida står nyopprykka Fjøra. Kampen går på Fosshaugane Campus.

Samme tropp, nytt trenatteam
– Det skal bli godt å koma i gang. Vi er klare. Det viktige for oss i år er å stabilisera prestasjonane over tid, og gjennomføra gode kampar, fortel Alexander.
Han rår over mykje av dei samme spelarane som han hadde i 2024-sesongen. Ein ung, fremoverlent og ivrig spelartropp. Den største endringa frå fjoråret er samansetninga i støtteapparatet. Bautaene Jens Arild og Olav held framleis gjengen i øyrene, men på feltet har to nye fjes dukka opp etter nyttår. Øystein Vetti har kome inn som assistenttrenar. Eit kjent fjes, som utfyller Alexander godt. I tillegg har vi rekruttert inn Ole Henrik Gulliksen som keepertrenar.
– Eg synest samansetninga i trenarteamet er veldig godt og spelartroppen spennande. Vi har eit høgt potensiale som vi kvar dag jobbar for å få ut. Stabiliteten i det vi gjer er det som blir avgjerande for at laget skal ha utvikling i år, fortsett Lekva.

Les også: Sander er klar til kamp!
Ei tøff avdeling
Førde hamna i avdeling fire i Norsk Tipping-ligaen. Vi og Fjøra representerer Sogn og Fjordane. Elles er det lag frå Bergen, i tillegg til tre andrelag. Vålerenga, Lyn og Sandefjord blir nye bekjentskapar i 2025 frå motstandarane i fjor. I tillegg er Gneist og Lyngbø nyopprykka, saman med Fjøra.
– Kampane i fjor viste oss at ingen av oppgjera er enkle. Vi må vera på tå hev og klare når dommaren dømmer. Vi må stå kampane ut og kjempa for poenga i denne avdelinga. Det er mange gode lag, oppsummerer Alexander.
Festdag i Hafstadparken
Fyrste heimekamp for herrelaget blir 5. april mot Os. Samme dag sesongopnar damelaget mot Nordhordland BK. A-lag damer spelar klokka 13:00 og a-lag herrer spelar klokka 16:00. I tillegg er det soneturnering og keepersamling for fotballkretsen. Med andre ord blir fyrste heimekamp ein real festdag.
Du kan sjå herrelaget sine kampar på Firda.