Godt representert i sluttspelet i mars
14 av dei 25 påmeldte Førde-laga kvalifiserte seg.

I Høyanger, Gaular, Gaupne, Leikanger, Eid og Måløy var det tøffe tak i helga. Fleire av våre lag kom godt ut frå det og kvalifiserte seg til sluttspelet i SSF KM Futsal 1.-2. mars på Sandane.
Totalt hadde vi 25 påmeldte lag. I tre av klassane kom alle lag til sluttspelet, så våre lag i J-16, J-19 og G-19 kunne med andre ord lada opp til sluttspelshelga allerede. Etter helga er det åtte fleire lag som no kan gjera seg klare til sluttspel. Vi er representert i alle klassar, utanom J-13 og G-13.
I G-13 klassen vann Førde 1 ein kamp og spela tre uavgjort, som enda med ein tredjeplass. Førde 3 som var i samme pulje, spela tre uavgjort og tapte ein kamp. Dei havna på fjerdeplass. Førde 2 fekk med seg to uavgjort og eit tap. Litt tøffare blei det for vårt J-13 lag, som tapte dei fire puljekampane. Kampane mot Jølster og Høyang var knepne tap.
14 lag vidare til sluttspel
I J-14 var det eit lag som kvalifiserte seg. i G-14 var det tre av fire lag som skal er klare for sluttspel. J-15 hadde eit påmeldt lag, og det kvalifiserte seg. G-15 kvalifiserte to av fire lag seg. I G-16 gjekk eit lag vidare. J-16 (eit lag), J-19 (to lag) og G-19 (tre lag) var allerede alle laga kvalifisert. Den totale oversikta over lag som er kvalifisert til sluttspel kan du lesa på NFF Sogn og Fjordane sine heimesider. Den finner du her.
Totalt hadde vi altså 19 lag i aksjon i helga. Av dei, og dei seks laga som allereie var kvalifiserte, er fjorten lag kvalifisert til sluttspelet i Sandane 1.-2. mars.
Vi hadde følgande lag påmeldt:
Gutar 13 år (tre lag), jenter 13 år (eitt lag), gutar 14 år (fire lag), jenter 14 år (tre lag), gutar 15 år (fire lag), jenter 15 år (eitt lag), gutar 16 år (tre lag), jenter 16 år (eit lag), gutar 19 år (tre lag) og jenter 19 år (to lag).