GLADE JENTER I TOPPGRUPPE

Publisert 05.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Sjekk denne trioen. Desse tre Førde-spelarane skal resten av året delta på Team Sogn og Fjordane, og ha samlingar med dei beste spelarane i Sogn og Fjordane på tvers av alder. Onsdag kveld vart det klart at Førde-spelaren Elias Grimeland vart innkalla til landskampsamling for G15. I dag kom meldinga om at Førde il Fotball…

Sjekk denne trioen. Desse tre Førde-spelarane skal resten av året delta på Team Sogn og Fjordane, og ha samlingar med dei beste spelarane i Sogn og Fjordane på tvers av alder.

Onsdag kveld vart det klart at Førde-spelaren Elias Grimeland vart innkalla til landskampsamling for G15. I dag kom meldinga om at Førde il Fotball har heile tre av 10 spelarar med i Team Sogn og Fjordane. Dette er eit satsingstilbod til spelarar fødde i 2007, 2008 og 2009.

Var to før

-Vi har vore i denne gruppa før, men no er det ekstra kjekt at Kaja også har komme med. Det blir kjekkare då, ler tvillingane Kristina og Inga Hjelmeland Berqvam då Førde-patrioten ber dei stille til fotografering i Hafstadparken i regnveret onsdag kveld.

-No skal vi til Hamar på samling med kretslaget i helga, og så blir det mange samlingar gjennom hausten og vinteren med Team Sogn og Fjordane. Det betyr at fotball er ein heilårsidrett no, smiler trioen.

Ti spelarar i toppgruppa

Dette er spelarane som er med i satsingsgruppa for hausten 2022:

Fødd 2007:

Mia Johannessen Bakke, Sogndal FK Damer

Josefine Thorsnes Lefdal, Sogndal FK Damer

Andrea Sælid Njøs, Sogndal FK Damer

Fødd 2008:

Nathalie Høgi, Sogndal Fotball

Mari Hov Heggestad, Sogndal Fotball

Inga Hjelmeland Berqvam, Førde IL Fotball

Kristina Hjelmeland Berqvam, Førde IL Fotball

Kaja Johannessen Skrede, Førde IL Fotball

Ella Berge Hestetun, IL Jotun

Fødd 2009:

Vilde Tuften Mardal, Syril

Det kan bli tatt ut ytterlegare fleire spelarar i løpet av hausten.

Trenarar for denne satsingsgruppa er Øystein Lindesteg Rinde, Sebastian Kaldestad og Jan Tore Jåstad.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert