GJEKK FRÅ 1-1 TIL 13-1

Publisert 31.01.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Dei to siste åra har denne 2007-årgangen (og nokre 2008-spelarar) vunne omtrent det som dei har stilt opp i, både lokalt og nasjonalt. Tysdag kveld knuste dei Gaular heile 13-1 i årets første kamp i vinterserien. Førde-trenar Bjørn Totland var sjølvsagt strålande nøgd etter at Førde sitt G16-lag hadde vunne heile 13-1 over Gaular i…

Dei to siste åra har denne 2007-årgangen (og nokre 2008-spelarar) vunne omtrent det som dei har stilt opp i, både lokalt og nasjonalt. Tysdag kveld knuste dei Gaular heile 13-1 i årets første kamp i vinterserien.

Førde-trenar Bjørn Totland var sjølvsagt strålande nøgd etter at Førde sitt G16-lag hadde vunne heile 13-1 over Gaular i laga sin første kamp i Vinterserien. I storhallen på Skei vart det i praksis spel mot eit eitt mål, og Totland fekk nytte høve til å la alle spelarane i troppen få mykje speletid.

Spennande

-Dette vart ei god treningsøkt med spel på motstandaren sin banehalvdel, og mange gode offensive takter. Dessutan utruleg flott at så mange fekk speletid i dag, då vi i oppgjeret mot Aalesund i helga stort sett køyrde «eit spissa lag», seier Totland og var spesielt godt nøgd med høgrekanten Miguel Grønli Garfors.

-Han er heilt ny i klubben, og kjem frå Naustdal. I kveld vart han også toppscorar med tre mål, og viser mykje spennande. Skal bli kjekt å følgje han vidare utover vinteren, seier Totland etter kampen.

Kvalik til NM

-Vinterserien gjev oss mange treningskampar, og vi må rekne med at kvaliteten på motstandarane vil variere. I grunnspelet skal vi møte Florø, Sandane, Gaular og Jølster 2. Og så må vi vere klar over at dette er kvalifisering til junior-NM for 16-årslag i 2023-sesngen, seier Førde-trenaren.

Målscorarar i oppgjeret i Skei Storhall var Miguel Grønli Garfors (3), Vegard Lorgen (2), Steffen Vårdal Helle (2), Vegard Otterlei Fløholm (2), Teodor Levik Aamot (2), medan Emil Frøysland og Noah Øren Otternes scora eitt mål kvar.

Førde sin neste kamp i vinterserien går går etter terminlista 7. mars.

Bildet er frå siste kamp i fjor då laget sikra seg KM-tittelen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert