FYSIOTERAPEUTEN ERSTATTAR TOPPSCORARANE

Publisert 05.04.2024 av Stig Roger Eide

Del via

I sesong etter sesong har Vegard Savland og Sander Aamelfot bøtta inn mål for Førde. No skal fysioterapeut Vebjørn Høynes erstatte desse to. I helga er nordfjordingen midtspiss i årets første seriekamp. Tidspunktet er 14.00 laurdag 6. april på Stavollen kunstgress i Bergen. Førehandsfavoritt og heimelaget Bjarg med opprykks-ambisjonar møter Førde. Sunnfjordklubben som så vidt…

I sesong etter sesong har Vegard Savland og Sander Aamelfot bøtta inn mål for Førde. No skal fysioterapeut Vebjørn Høynes erstatte desse to. I helga er nordfjordingen midtspiss i årets første seriekamp.

Tidspunktet er 14.00 laurdag 6. april på Stavollen kunstgress i Bergen. Førehandsfavoritt og heimelaget Bjarg med opprykks-ambisjonar møter Førde. Sunnfjordklubben som så vidt overlevde i divisjonen i fjor, møter ein av seriefavorittane.

Sterkare i år

Likevel er Førde sin nye hovudtrenar Alexander Lekva optimist føre sin første kamp som hovudtrenar på dette nivået.

-Eg trur eg veit kva som ventar oss. Maktar vi å forhindre Bjarg sine sterke sider, kan vi godt overraske. For vi har hatt ein god treningsvinter, og har styrkt oss sidan i fjor. Thomas Hallstensen er ei solid forsterking, og dessutan er den offensive trioen Simen Indrebø, Edvin Brattreit og Vebjørn Høynes å sjå på som nye spelarar, seier Lekva og siktar til at skader og utdanning gjorde sitt til dei ikkje fekk ut det maksimale av desse spelarane i fjor.

-Sjå berre på Vebjørn. I fjor haust budde han på Nordfjordeid, og deltok på berre nokre få treningar her. No har han flytta til Førde, fått jobb som fysioterapeut på sjukehuset og blomstrar. Han har dessutan god erfaring frå fotballen i Hordaland, og veit kva som ventar oss. Og DEI veit også kva han kan utrette, smiler Lekva når dei gjennomfører siste treninga i Naustdal fredag kveld føre kampen.

På topp

For Vebjørn Høynes hadde fire sesongar i Fana, og var toppscorar hos bergensklubben frå sin midtbane/kantposisjon. Men i Førde får han jobben som midtspiss frå starten av.

-Det er tydeleg at Vebjørn trivst godt i Førde-miljøet. Han skapar masse positivitet og er alltid i godt humør. Han er svært viktig for gruppa, og har dessutan god erfaring trass sin unge alder, seier hovudtrenaren.

Gamle kjende

Vebjørn Høynes gler seg sjølv til årets sesong, og ikkje minst møte mange av dei laga og spelarane han møtte medan han var i Fana.

-Ja, for meg blir mange av kampane mot Bergens-lag møte med gamle kjende. Og no skal det bli kjekt å spele mot dei. Og eg håpar vi kan overraske dei litt, smiler Høynes som for tida bur i Førde og jobbar som fysioterapeut.

-Eg trivst godt i jobben på ortopedisk og kirurgisk avdeling på sjukehuset, og har det også flott i treningsgruppa. Så eg er veldig godt nøgd med valet mitt om å spele for Førde. Og no håpar vi berre å komme i gang med sesongen, seier Førde sin midtspiss føre årets første seriekamp i Norsk Tipping-ligaen, 3. divisjon.

Lykke til i morra!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert