Frukostmøte for sponsorar
Førre fredag inviterte Førde IL Fotball sponsorar og viktige samarbeidspartnarar til frukostmøte på Scandic Sunnfjord. Dette er ein uformell arena der samarbeidspartnarar treffast, oppdaterast og spis ein skikkeleg god frukost. Dagleg leiar Per Øyvind Storevik fortel at slike samlingar er viktige for å informere kvarande om korleis stoda er rett før seriestart, samt bygge nettverk…
Førre fredag inviterte Førde IL Fotball sponsorar og viktige samarbeidspartnarar til frukostmøte på Scandic Sunnfjord.
Dette er ein uformell arena der samarbeidspartnarar treffast, oppdaterast og spis ein skikkeleg god frukost. Dagleg leiar Per Øyvind Storevik fortel at slike samlingar er viktige for å informere kvarande om korleis stoda er rett før seriestart, samt bygge nettverk og bli betre kjent med kvarandre.
Senior trenarane Terje Rognsø og Johan Pettersen var til stades, og fekk delt nokre velvalde ord om årets sesong. Herretrenaren på seniorsida, Terje, fortel at dette blir ein sesong klubben satsar ungt på eigenproduserte spelarar. Han trur dei vil variere prestasjons- og resultatsmessig, men dei skal jobbe hardt for å fortsette den gode utviklinga.
Sesongstart for seniorfotballen er mot sjølvaste Florø, 10. april klokka 15.00 og vi gledar oss til eit lokaloppgjer som aldri blir kjedeleg!
Frukostmøter slår an, og Per Øyvind kan røpe at det kjem fleire frukostmøter i løpet av året! Det er kjekt å treffast og ha arenaer for å samlast. Eg håpar vi blir enda fleire neste gang, avsluttar han.
Foto: Alltid spennande når Førde møter Florø!