Fortsetter den gode sesongstarten?

Publisert 25.04.2025 av Helge Bjørke

Del via

Alexander og Sander håpar å sjå deg på Førde stadion laurdag. Avspark er 15.00.

Laurdag er det igjen alvor. Våre to a-lag, som begge har starta strålande, skal på ny jakta tre poeng. I tillegg startar sesongen i 5.divisjon menn og 4.divisjonslaget vårt på herresida skal til Årdal. Det er med andre ord nok ei spennande og aktiv fotballhelg for klubben.

Våren er skikkeleg i anmarsj og gyllevognene går på alle bøar rundt om i distriktet. Det sikraste vårtegnet er lukta av vår. Det andre og kanskje det beste teiknet, er sesongåpning på graset. Laurdag tar herrelaget i bruk Førde stadion, når Lyngbø kjem på besøk. Bortelaget kjem frå ein overbevisande 5-0 seier mot Åsane 2 på mandag. Dei ynskjer med andre ord å gjera veka fullkomen med nye tre poeng. Totalt står dei med dei tre poenga, etter tap i sesongåpninga mot FK Fyllingsdalen og tap mot Askøy i andre runde.

Førde på si side har hatt ein strålande start, med ni av ni moglege poeng. Fjøra, Os og Fyllingsdalen har alle bukka under for våre menn. Den gode starten håpar vi fortsetter laurdag. Vi håpar også på mange tilskodarar i finværet på stadion. Fotball i sola og på gras er vel det alle ynskjer. Kom på kamp, avspark er 15:00.

Til Sotra på jakt etter tre av tre

Damelaget vårt har også starta sesongen godt med to av to sigrar i “Vestlandsserien”. Med to overbevisande forestillingar på heimebane, skal våre beste jenter få testa seg på bortebane. Straume Sotra Arena er bana, avspark er 15:00. Denne kampen går dessverre ikkje på MyGame, så du kan følge kampen på fotball.no.

Heimelaget Sotra har hatt ein tøff start på sesongen, med to tap. Fyrst tapar dei knepent mot Askøy også tapar dei heima mot Bremnes 4-1. Dei er med andre ord nok klare for å ta sine fyrste poeng i årets serie. I fjor var Førde og Sotra javngode, der vi spelte 3-3 mot dei på Sotra og vann 4-3 i Hafstadparken.

Førde 2 og Førde 3 herrer også i aksjon

Laurdag åpnar Førde 3 sesongen borte mot Måløy. Ole Bjørn Otternes, som er ny trenar for laget i år, skal møte Årdal 2, Måløy, Askvoll/Holmedal, Balestrand, Eikefjord/Florø 2, Lærdal, Syril, Vik og Hafslo/Bjørn/Fanaråk 1. Dei får med andre ein del reiser gjennom sesongen.

Førde 2 starta sesongen 12. april heime mot Jølster. Eit forrykande oppgjer som enda til slutt 2-1 til Førde. Søndag reiser gutane til Årdal i det som blir ein tøff bortekamp mot fjorårets divisjonskollega til a-laget. Årdal starta sesongen borte mot Høyang, og enda med eit 1-4 tap.

I tillegg til dei fire seniorkampane, skal Førde 1 og Førde 2 J13/14 i aksjon og Førde 1 skal til Eid for å spele andre serierunde i 1.divisjon G15-17.

Vi ynskjer alle laga lykke til i helga, og håpar flest mogleg tar turen til Førde stadion laurdag klokka 15:00.

Relatert