Førdejentene godt i gang i SSF Vinterserie
Vi drøymer om eit nytt NM-eventyr i 2025.

Torsdag tok Førde J15 i mot Florø til vinterseriekamp i Hafstadparken. Kampen enda med ein overbevisande 3-0 siger til heimelaget. Jentene våre dominerte kampen og fekk tidleg ein komfortabel 2-0 leiing etter scoring av Ida Bolseth Åmot og Sara Elise Holsen. Etter 60 minutt la Rikke Råheim på til 3-0 som blei sluttresultatet.
Vinterserien er også kvalifisering til NM. J15-laget fekk med andre ord ein god start med tre poeng i fyrste kamp. Neste hinder er Måløy 09. mars på Skavøypoll Stadion. Siste kamp er mot Sogndal i Sognahallen 23. mars.
Vinnarar av SSF Vinterserien vil vere kvalifisert til deltaking i innleiande runder i NM Telenor Cup.
Fleire Førdelag med i SSF Vinterserie
Det blir arrangert vinterseriespel i klassane U15 og U17 på jentesida. På guttesida er det G16 og G19. Førde stiller lag i alle klassar. I følgje fotballkretsen sine sider er følgande lag påmeldt vinterserien i 2025:
Jenter 15 år: Måløy, Florø, Førde, Sogndal
Jenter 17 år: Florø, Førde, Sogndal
Gutar 16 år: AHIL, Dale, Eid, Florø 1, Florø 2, Førde 1, Førde 2, Jotun, Jølster, Sandane, Sogndal, Måløy, Stryn
Gutar 19 år: Balestrand, Førde, Måløy, Sogndal
Førde 1 i G16-klassen fekk ein overbevisande start med 10-2 mot Måløy. Førde 2 G16 slo Florø 1 5-2. Begge kampane blei spelt i Skeihallen. Den 15. mars blir begge gruppene avgjort då Førde 1 møter Stryn klokka 13:00 og Førde 2 møter Dale klokka 15:00. Begge oppgjera går i Hafstadparken.
J17-klassen startar 5. mars i Hafstadparken der Førde tek i mot Sogndal. Det andre og siste oppgjeret er mot Eid på bortebane 12. mars.
I G19 klassen starta Førdelaget med å slå Måløy 7-0. I fyrste runde slo Sogndal Balestrand 13-0, så her blir det ein kamp heilt inn om kven som tek fyrsteplassen. Førde møter Balestrand 16. mars før det heile blir avgjort mot Sogndal på Fosshaugane Campus 23. mars.
Som klubb har vi med andre ord kome godt i gang i dei klassane som er starta opp, og vi håpar på fleire gode kampar framover slik at vi kan prøve å gjenskapa det eventyret 2009-jentene skapte i fjor.