Førdejentene blei hardt straffa
Sluttresultatet blei 6-1 til heimelaget Sotra.

Laurdag var damelaget på Sotra for å spele årets fyrste bortekamp. Sotra utnytta bakrommet som Førde etterlot seg med sitt høge press, og fekk tidleg scoring. Då Førde sleit med å justere seg, utnytta heimelaget romma. Eit offensivt og godt Sotralag gav seg ikkje før det stod 6-1.
Før oppgjeret var det førdejentene som hadde dominert og scora mykje mål, men i solskinnet på Straume var det Sotra som visste seg å vera mest effektive. Andreomgangen var jamnare, og Martine Wolff Nesse reduserte til 4-1 etter 50 minutt. Førde fekk justert seg i pausen og stod i ikkje så høgt i bana. Jentene stod då betre mot oppspela og fekk meir kontroll bakover. Sotra sette Førde på mange prøvar og gav laget god læring inn mot dei neste kampane.
– Fyrste omgong blei vi overkøyrd. I andre omgong kjem det seg veldig og vi står betre imot Sotra. Vi tar med oss mykje erfaring heim, og så skal vi jobbe vidare dei neste vekene for å kunne stå betre imot slike offensive lag, oppsummerar trenarteamet på telefon.
Neste kamp er også ein bortekamp, denne gongen mot Lyngbø 3. mai. Dei har starta skarpt med 9 poeng og 12-1 i målforskjell. Vi forventar med andre ord ei krevjande oppgåve mot eit godt topplag. Neste heimekamp er 10. mai klokka 15:00 mot Fyllingsdalen 2. Den går i Hafstadparken.
KAMPFAKTA
Sotra – Førde 6-1 (4-0)
Straume Sotra stadion 26.04.2025 15.00
Dommer: Jakob Remøy Wiik (Minde Idrettslag)
Ass.dommer 1: Thomas Haugland Ulvøy (Sportsklubben Djerv)
Ass.dommer 2: Kim Andre Wollertsen (Vadmyra Idrettslag)
Førde: 1 Sofie Honningsvåg Aarnes – 5 Olea Hestad Båtevik, 15 Marit Hjelmeland Berqvam, 23 Sofia Hagen Paulen, 25 Viktoria Zablotna – 14 Martine Wolff Nesse (C), 17 Sigrid Welle, 18 Dina Sande Søgnen – 19 Martine Honningsvåg Aarnes, 27 Lea Storøy, 6 Vibeke Solheim
Benken: 21 Mia Engelsgaard, 3 Alette Slåtten Ulltang, 10 Ida Sætre Øvrebø, 11 Laura Standnes
1-0 Tone Sandtorv Brakedal, 2 min
2-0 Emma Haugland Jensen, 21 min
3-0 Jensen, 38 min
4-0 Tone Sandtorv Brakedal, 41 min
4-1 Martine Wolff Nesse, 50 min
5-1 Martine Hauge Ludvigsen, 72 min
6-1 Ludvigsen, 85 min
