Førde til topps i begge klassane i Futsal-KM

Publisert 09.12.2024 av Helge Bjørke

Del via

Laurdag vart KM i Futsal for senior arrangert i Førdehuset.

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Det var stor stemning og høg innsats i Førdehuset laurdag. NFF Sogn og fjordane arrangerte SSF KM Futsal senior, med heile 10 lag frå Førde IL Fotball.

Vi som klubb hadde tatt på oss oppdraget som arrangør på vegne av fotballkretsen. Det var totalt 28 herrelag og 15 damelag som deltok.

Vi gjorde reint bord

På damesida fekk vi ein rein Førde-finale, med Førde 1 mot Førde 2. Jentene med dei raude draktene for anledningen, Førde 2, gjekk av med sigeren 2-1. I Bronsefinalen vann Gaular over Stryn 4-3.

Det var Førde 1 og Førde 2 som gjekk vidare til sluttspelet av dei fire påmeldte laga i dameklassen frå klubben. På vegen til finalen slo Førde 1 Hyllestad (3-1) og Gaular (2-1). Førde 2 på si side slo Askvoll og Holmedal 1 (3-0) og Stryn (3-0) på si ferd til finalen.

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

På herresida tok Førde 1 pokalen etter å ha slått Høyang 1 2-0 i finalen. I bronsefinalen der vann Balestrand 1 3-1 over Bremanger 1.

Av 6 påmeldte lag i herreklassen, var det Førde 6 og Førde 1 som gjekk vidare til sluttspelet. For Førde 6, vart Balestrand 1 for sterke i kvartfinalen. Førde 1 slo Kaupanger (4-0), Stryn (4-0) og Bremanger 1 (2-1) på vegen til finalen.

Relatert