FØRDE MED HISTORISK SIGER

Publisert 11.06.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Ja, i dag var det kjekt å spele fotball, gliser Ruben Holsæter på veg inn i garderoben etter den historiske 10-0-sigeren. I moderne tid har iallfall ikkje Førde vunne ein seriekamp med slike siffer. Kommentaren frå Ruben Holsæter er iallfall dekkande for opplevinga både spelarar og tilskodarar hadde på Førde stadion. I dag var det…

-Ja, i dag var det kjekt å spele fotball, gliser Ruben Holsæter på veg inn i garderoben etter den historiske 10-0-sigeren. I moderne tid har iallfall ikkje Førde vunne ein seriekamp med slike siffer.

Kommentaren frå Ruben Holsæter er iallfall dekkande for opplevinga både spelarar og tilskodarar hadde på Førde stadion. I dag var det både ketchup- og sennep-effekt hos heimelaget når dei først opna scoringskontoen etter drikkepausen midt i 1. omgang.

City-turbo

Ein nyklipt Manchester City-fan i Magne Aarøen herja på midtbana, og scora to nydelege mål i tillegg til to målgjevande pasningar før kvilen. Tydeleg oppildna av engelskmennene sin suksess i Istanbul i går kveld. Og midtbanemotoren var så aktiv at i si løpsvilje at trenar Terje Rognsø like godt tok han av bana tidleg i 2. omgang.

Dermed vart det to debutantar for Førde i dagens 10-0-kamp, og begge kjem frå Høyanger. Sisteskansen Kristian Raae Johansen har allereie spelt kampar for Førde II i Kretsligaen, men for den tidlegare Sogndal-spelaren og høyangringen Nicholas Trollebø vart det hans første minutt for Førde då han først vart speleklar i helga.

Velkomne skal begge vere!

Seks på to

For Førde var det elles målshow av duoen Sander Aamelfot og Vegard Savland på topp som fungerte som eit perfekt spisspar i dag. Aamelfot vart kvittert ut med fire nettkjenningar, medan midtspissen Savland fekk sine to. Dessutan serverte desse to to målgjevande pasningar i løpet av den historiske kampen.

Krisestemninga frå sist helg var som blåst bort av austavinden, og krisemøtet i spelargruppa etter treninga onsdag hadde den effekten som ein håpa på. Men framleis ligg Førde utsett til på tabellen, og må vise same innsats viss det skal bli poeng i bortekampen mot Spjelkavik på Sunnmøre komande helg.

Men det let høyre godt frå seg når ein vinn 10-0 i ein seniorkamp.

Det kjem meir frå kampen litt seinare i dag.

På bildet ser vi to av spelarane som totalt stod bak seks av Førde sine mål i dag. Til venstre Magne Aarøen og Sander Aamelfot.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert