Førde med ein strålande start på årets sesong

Publisert 21.04.2025 av Helge Bjørke

Del via

Bortelaget med ein sterk bortesiger og godt spel i Bergen.

Førde tok turen til Bergen andre påskedag, og for eiken tur det skulle bli. Kampen blei spelt på Varden Amfi, ei bane som blir større for kvar gong du ser den. Ein perfekt bane for dei som kan utnytte rom, og eit mareritt for dei som må henge på.

Førde la seg lågt og lot Fyllingsdalen ha ballen i starten, men etter dei fyrste ti minutta var trenden klar. 0-3 i store sjansar til Førde, alle etter gode brudd og raske kontringer. 

Ja, det var store rom. Når vi kan spela ballen to trekk og rett i bakrom er vi veldig gode, men vi kjemper også fram dei gode brudda, konstaterer trener Alexander Lekva etter kampslutt.

Ein, to, tre…

Med det fjerde skal det skje. Då Førde fekk sin fjerde store sjanse sitt ballen i mål fog Savland. Han starta sin fyrste seriekamp for året. Der er han nådelaus åleine med keeper. 

Deretter følger ein mindre god periode for Førde. Ein slappar av, gjer feil, og trykker ikkje til på same måte. Fyllingsdalen fester grepet og skaper fleire store sjanser, og Lekva erkjenner at her sleit Førde både med tempo og presisjon. FKF er det beste laget vi har møtt så langt når det kjem til å bruke ball. Særskilt Stian Haaberg skaper store problemer. Rett før halvtimen er spelt er det nettopp han som setter inn 1-1.

Kampen vippa, før bortelaget skrur om

Når kampen står og vipper hjelper det å ha gode spelarar, og det hjelp å ha motstandarar som hjelper deg. “Veit du noko om Førde?”, “Nei, men nummer 7 og 11 er raske” kjem det frå to jenter bak referenten, og mot slutten av omgangen skal desse to heimsøke forsvaret til Fyllingsdalen som står langt inne på Førde sin halvdel. Fyrst er det S. Aamelfot som sett ballen i mål frå 16 meter, og sender Førde i leiinga. 

På 1-2 går skuldrane ned, og derifra går vi frå ein svak eller middels omgang til å spela årets beste kamp, konstaterer trenaren.

No var det Førde ut omgangen, og rett før pause får ein 1-3. Vegard Savland scorer sitt andre, med eit karaktererisriske saksespark på bakre stolpe etter eit frispark. Målet må han kanskje dela med fleire i kvitt og svart som ofrar liv og lemmar i duellane framfor mål.

1-3 til pause, og 3-7 i vår uoffisielle statistikk over store sjansar. Dette til tross for store ballinnehav til heimelaget. Her kunne historia om kampen vore slutt, for sjølv om også S. Aamelfot scorer sitt andre mål i andre omgang – i same stil – og fastsett sluttresultatet til 1 – 4 20 minutt før slutt handler ikkje fotball berre om å score mål.

Førde speler ein veldig god andre omgang mot eit heimelag som må ha mål. Ein slepp nesten ikkje til sjansar. Bortelaget tar tak om kampen og speler etter kvart god og rask fotball i lengderetning. Fyrst dei siste 10 minutta kan ein snakke om at heimelaget skaper eit “trøkk” på Førdemålet. Når dei kjem gjennom er det alltid eit bein, eit hovud eller ein “kroppsdel” i vegen. 

Fyllingsdalen var raske og gode med ball, men i dag møter dei voksne spelarar, avslutter Lekva som kan sette seg på bussen med ni av ni poeng så langt denne sesongen.

Neste heimekamp er fyrstkommande laurdag. Då kjem nyopprykkede Lyngbø på besøk, og vi gler oss til å ta i bruk grasbana. Vel møtt!

KAMPFAKTA:

Dommer: Khalid Emad Al-Rantisi (Flaktveit Idrettsklubb)
Ass.dommer 1: Øyvind Bøen (Kjøkkelvik Idrettslag)
Ass.dommer 2: Gabriel Matre (Idrettslaget Fri)

Førde: Fredrik Hanssen (C) – Vegard Lorgen (Elias Rognebakke, 71 min), Ola Rognebakke, Thomas Hallstensen, Sander Løkkebø Lekva, Lasse Aamelfot – Jacob Frøyen Bergset – Mathias Lambrechts Sagevik – Sander Aamelfot, Nikolai Hvidsten (Gaute Sunde Sandal, 81 min), Vegard Savland (Ovar Undheim Høyland, 79 min)

0-1: Vegard Savland, 14 min
1-1: Stian Mjelde Haaberg, 26 min
1-2: Sander Aamelfot, 35 min
1-3; Savland, 45 min
1-4; S. Aamelfot, 76 min

Gult kort: Kasper Walle Birkeland (FKF), 90 min

Relatert