Førde fekk gode svar mot Sogndal

Publisert 17.03.2025 av Helge Bjørke

Del via

Laurdag spelte a-lag damer treningskamp på Fosshaugane Campus.

Det er ikkje lenge til seriestart. Oppkøyringa er godt i gang, og laurdag viste Førdejentene at dei nærmar seg klare. 5. april kjem Nordhordland Ballklubb på besøk. Laget frå Knarvik er ny-opprykka.

Treningskampen mot Sogndal enda med tap 2-0. Andrine Olsen Endestad og Julie Slattum Pettersen scora for Sogndal.

Løftar seg gjennom kampen

Laurdagens motstandar spelar til dagleg i 2. divisjon. Det å få testa seg mot ein slik motstandar er både nyttig og lærerikt. I starten merka ein tydeleg divisjonsforskjell, men så klarar Førdejentene å kjempa seg meir og meir inn i oppgjeret.

Førde gjennomførte ein god treningskamp mot Sogndal FK Damer. Heimelaget køyrer kampen spesielt dei fyrste 20 minutta. Då henger vi ikkje heilt med. Men, etter kvart som kampen roar seg litt og vi kjem meir inn i kroppen på Sogndal så jamner kampen seg ut. Vi er gode i duellspelet vårt og stresser Sogndal i oppspelsfasen. Så må vi jobba hardt fram mot seriestart for å auka pasningskvaliteten vår og vera litt meir taktiske på frispark og corner, fortel hovudtrenar Bjørn Andre Storøy

Alt i alt er eg godt fornøyd med kampen og så er det kjekt å sjå at det er unge spelarar som tar tak når dei får moglegheiten når dei meir etablerte er skada, fortsetter Storøy.

Fotballfest i Hafstadparken

Laurdag 5. april blir det dobbeltoppgjer for Førde. Klokka 13:00 skal a-lag damer opp mot ny-opprykka NBK. Klokka 16:00 er det a-lag herrer som skal i aksjon, mot Os. Same helg er det sonekampar og keepertrenarsamling i Hafstadparken. Det vil med andre ord vera mykje folk og mykje spennande å få med seg heile helga.

Damelaget går ein spennande sesong i møte. Det nye trenarteamet, med Bjørn Andre i spissen, jobbar godt for å sette sitt stempel på vårt fremste damelag. I årets sesong møter dei Arna-Bjørnar 2, Askøy, Bjarg, Brann 2, Bremnes, Fyllingsdalen 2, Lyngbø, Nordhordland, Os, Sotra og Stord.

I fjor var Brann og Lyngbø i ein eigen liga med 66 og 62 poeng. Bremnes, som kom på tredjeplass, kapra 38 poeng. Dessverre for Brann 2 så gjekk dei ikkje heile vegen gjennom kvalifiseringa til 2. divisjon, og må på nytt jakta opprykk frå 3. divisjon.

Kom i Hafstadparken 5. april og hjelp damelaget til ein god start på årets fotballsesong.

Relatert