Førde er vidare i cupen
Årdal og Førde kjempa begge lenge, men til slutt var det bortelaget som stod att som vinnar.

På Forbundstinget tidlegare i år blei det vedteke omlegging av Norgesmesterskapet. Med den endringa blei det også bestemt at ein skulle gjennomføre både NM Menn 2025 og NM Menn 2026 i 2025. NM Menn 2026 blir avslutta på våren i 2026, men kvalifiseringskampane starta no.
I mars blei Førde slått ut av cupen av Volda, etter eit målkalas av ein fotballkamp. I ettermiddag var Førde på ny klare for å jakte avansement i NM. Årdal var motstandar, på Jotun stadion.
Ein tett og jevn omgang
Rett frå avspark fekk ein sjå eit Førdelag som var bestemt på å ta avansmentet. Eit kollektivt høgt press utfordra Årdal gong på gong, og gjennom omgangen får Førde etablert fleire periodar med godt presspel. Dessverre er den siste pasninga litt unøyaktig. Begge laga går i krigen i fyrste omgang og det blir ein javn omgang. Det ser lenge ut til at det skal enda mållaust til pause. Eit par minutt før pause tar Jakob Bergset og Vegard Savland ansvar. Fyrstnevnte sender ein pasning med millimeterpresisjon gjennom forsvaret, der Savland har lurt offsidefella og er åleine med keeper. Der gjer Vegard ingen feil, rundar keeper og setter 0-1 enkelt i det tomme målet.
Ein forrykande omgang
Der fyrsteomgang var meir stillingskrig, er det målfest som står på menyen i andre omgang. Førde skyt ut av startblokka. Bortelaget får ei kontring, der Savland mottar ballen nede på høgresida. Han finner Sander Aamelfot inne sentralt, som flikkar ballen vidare til Ovar Undheim Høyland. Ovar setter ballen sikkert inn til ei 2-0 leiing til Førde.
Etter 0-2 hadde Årdal fleire store sjansar, deriblant Anders Lereng er nesten frampå. Nesten blir til scoring etter 63 minutt, då han får servert eit perfekt slått frispark av Elias Mittet. Spenninga er tilbake i kampen.
Begge lag fortsetter å kjempa, og ingen har tenkt å gje seg. Etter 67 minutt er Sander Aamelfot farleg frampå på ei kontring. Kontringa resulterer i eit hjørnespark som blir servert presist inn frå Ola Rognebakke til bror Elias. Førde får igjen ei komfortabel leiing med 1-3 i målprotokollen.
Årdal står igjen opp. Kort tid etter Førde si scoring er Årdal farleg frampå, og hovuddommar Frank Heggestad dømmer straffe til heimelaget. Elias Mittet er trygg og setter inn 2-3.
Punktert og vidare
Vegard Savland og Jakob Bergset, som tok ansvar i fyrsteomgang, står opp også i slutten av den andre omgangen. Etter 78 minutt ordnar Savland 2-4 og etter 88 minutt er det Bergset som setter 2-5, som også blir sluttresultatet.
Vi takkar Årdal for kampen og gler oss til neste runde i NM Menn 2026. Draumen om Ullevaal lever fortsatt.
KAMPFAKTA
Årdal – Førde (0-1) 2-5
Dommer: Frank Heggestad (Kaupanger Idrettslag)
Ass.dommer 1: Jarl Ivar Hauge Mjånes (Idrettslaget Høyang)
Ass.dommer 2: Karim Sadek (SOGNDAL IDRETTSLAG FOTBALL)
0-1 Vegard Savland, 43 min
0-2 Ovar Undheim Høyland, 48 min
1-2 Anders Lereng, 64 min
1-3 Elias Rognebakke, 68 min
2-3 Elias Mittet
2-4 Vegard Savland, 78 min
2-5 Jacob Frøyen Bergset
Gule kort:
Førde: Vegard Savland (39 min), Jacob Frøyen Bergset (53 min), Thomas Hallstensen (64 min)
Årdal: Tobias Luggenes Furebotn (57 min)
Rødt kort:
Førde: Thomas Hallstensen (90 min)
Førde: Fredrik Hanssen – Magne Elias Aarøen, Sander Løkkebø Lekva, Elias Rognebakke, Ola Rognebakke, Vegard Lorgen (Elias Løkkebø Lekva, 22 min) – Jacob Frøyen Bergset, Henrik Sunde Sandal, Ovar Undheim Høyland (Mathias Lambrechts Sagevik, 72 min), Sander Aamelfot – Vegard Savland