FOR EI AVSLUTNING PÅ DAGEN
Førde-laga imponerte stort under dei siste kampane på Ekebergsletta onsdag kveld. For på rappen vart både 14-årslaget og begge dei to 13-årslaga klare for 1/8-delsfinalar i A-sluttspelet på torsdag. Torsdag kjem til å bli ein ny nervepirrande dag på Norway Cup sett med Førde-auge. For trass i tøffe motstandarar gjennom onsdagen er det heile seks…
Førde-laga imponerte stort under dei siste kampane på Ekebergsletta onsdag kveld. For på rappen vart både 14-årslaget og begge dei to 13-årslaga klare for 1/8-delsfinalar i A-sluttspelet på torsdag.
Torsdag kjem til å bli ein ny nervepirrande dag på Norway Cup sett med Førde-auge. For trass i tøffe motstandarar gjennom onsdagen er det heile seks Førde-laga som er med og kjempar om å gå heilt til topps i årets gigantturnering.
Nervepirrande
Det heile starta på ettermiddagen med at J15-laget feide Lillesand av bana, før det var tid for gutane. G16-laget hadde ingen vanskar med å tukte trondheimsklubben Charlottenlund med heile 3—0, før G14-1 og dei to G13-laga til Førde starta oppvisninga.
Trass i kraftig regnskyll stod dei alle tre mot presset frå høvesvis Kristiansund, Ataka (Litauen) og Ølen, og alle dei tre Førde-laga sikra seg ein viktig eitmålssiger.
Og med tanke på at G19-laget allereie er klare for ny kamp i A-sluttspelet i morgon tidleg, så har Førde framleis seks lag med i den gjevaste delen av cupen. Samstundes har Førde allereie eit lag klare for kvartfinale, då G13-14 i sjuarfotball slo Lesja heile 6-3 og dermed skal møte naboklubben Høyang i kvartfinale i B-sluttspelet.
Kampane
Her er oversikt over dagens kampar:
B-sluttspelet:
G13-14, 7´ar: Førde-Salangen 5-2 (1/16-delsfinale, Førde-Lesja 6-3 (1/8-delsfinale)
G15: Førde-Brattvåg/Ravn/Norborg 0-0 (Førde tapte etter straffespark-konkurranse.
A-sluttspel:
J14: Førde-Kolbotn 0-1
J17: Førde-Holstein/Kiel 0-1
J15: Førde-Lillesand 4-0
G16: Førde-Charlottenlund 3-0
G14-2: Førde 2-Bergen Nord 0-6
G13-1: Førde-Oppsal 4-0, Førde-Ataka (Litauen) 1-0 (1/16-delsfinale)
G13-2: Førde 2- Ullern 4-1, Førde 2-Ølen 1-0 (1/16-delsfinale)
G14-1: Førde 1-Kristiansund 2-1 (1/16-delsfinale)
G19: Er allereie kvalifisert og møter sunnmørsklubben Emblem torsdag morgon.
Vi brukar bilde av gjennomblaute 13-åringar etter at begge desse laga kvalifiserte seg for 1/8-dels-finalar seint onsdag kveld. I morgon tidleg er dei klare for nye kampar.
Vi ønsker alle dei sju resterande laga lukke til med både A- og B-sluttspelet i morgon.
HEIA Førde
Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Lagleiarar for Førde-laga