Flott referansetur til Bergen

Publisert 24.02.2025 av Helge Bjørke

Del via

Spelarane frå Førde og Florø tek med seg mykje læring frå kampane i helga.

I helga som var deltok FørdeFlorø G15 på Kniksen International tournament i Vestlandshallen. FørdeFlorø er eit samarbeidslag mellom klubbane, der ivrige spelarar får anledning til å teste seg mot god motstand. På turneringa deltok Brann, Vest-Finland, Lillestrøm, Åsane og LOK.

Du kan lesa meir om turneringa på brann.no.

Mange flotte kampprestasjonar

FørdeFLorø – Brann 1-2
Brann har vi møtt nokre gongar no, og vi har hatt kampar der vi har tapt relativt stort. I april i fjor vart det 7-0, og mange av våre spelarar hadde og nyleg spelt kamp med kretslaget der det og vart tap 7-0. Vi hadde derfor ein litt forsiktig inngang til kampen mot Brann, der målet var å tette igjen bakover. Vi hadde fokuset på forsvar, samtidig som vi skulle straffe Brann på kontringar.

Denne inngangen var ny for spelarane, og veldig lærerik. Ei lojal spelargruppa fulgte kampplanen til punkt og prikke. Brann er det klart førande laget, men vi er i situasjonar der vi absolutt kan straffe dei. Vi held 1-1 heilt til tampen av kampen, men så klarer Brann å få sin siger etter massivt press. Ein fortjent siger til Brann.

Dette var ein god start på turneringa som gav oss ein boost. Målet vårt i den kampen var eit sjølvmål etter at Håvard Lorgen gjekk i ein duell.

FørdeFlorø – VestFinland 1-2
Kamp 2 på fredagen var mot Vest-Finland. Vi fekk ein tøff start på turneringa, då det viste seg at vi møtte lag nummer 1 og 2 på vår fyrste dag. Kampen mot Finland er ein kamp der vi går for ein litt meir offensive tilnærming enn mot Brann. Det blir ein litt meir åpen kamp, der Finland til slutt vinn kampen fortjent. Vi er litt snurte etter kampen, for Finland sine mål er ikkje på deira største sjansar, men kjem som ein konsekvens av slurv hos oss. Vi reduserer til 1-2 heilt på tampen, men kampen ebbar ut med 2-1 tap.

Målet vårt vart satt inn av Sander Kjelsnes etter ein innøvd cornervariant.

FørdeFlorø – Åsane 3-1
På dag to var vi tydelige på at vi kan slå frå oss her, og beskjeden til spelarane var klar. Vi skal ut for å vinne kampar. Denne kampen var vi fast bestemt på å styre, og stå høgare i bana. Vi skulle presse høgt, og tørre med ball. Vi var det førande laget i denne kampen, og vi vann fortjent.

Nok ein gong skårar vi på innøvd corner, denne gong med Jakob Øen. I tillegg så skårar Tian Nistad og Sander Kjelsnes kvar sitt mål.

FørdeFlorø – Lillestrøm 1-0
Fulle av sjølvtillit går vi offensivt til verks mot Lillestrøm. Vi har trua og ynskjer å sette vårt preg på kampen. Vi gjer ein veldig god kamp mot Lillestrøm. Vi varrierar på å ligge i lav blokk og å press høgt. Vi er gode på overgangar, og tørr å holde i ballen når vi vinn den, lavt og høgt. I ein tett og jamn kamp vinn vi 1-0 etter ei flott skåring av Tian Nistad.

FørdeFlorø – LOK 2-0
På siste dagen møter vi samarbeidslaget LOK. Vi vinn kampen 2-0 etter to mål i 2. omgang. Nok ein gong held vi nullen. Måla vart her skåra av Henrik Sandal og Mathias Sundsøy.

Oppsummert har dette vore flotte dagar for begge klubbane. Både spelarar og trenarar har fått gode referansar. Vi har hatt ei fin stigning frå dag ein til dag tre. I tillegg så har det vore ein flott gjeng med foreldre og anna familie og heia på oss gjennom helga. No reiser vi heim til kvardagen, tar med oss impulsar og jobbar på for å bli betre.

Vi takkar SK Brann for ei flott turnering, både på og utanfor bana.

Førde IL Fotball – på veien med OPUS!

Vi må også takke vår gode samarbeidspartner Opus nok ein gong med hjelp til transport. Opus er ein av mange samarbeidspartnarar vi i Førde IL Fotball er både avhengige av og heldige som har med oss.

Relatert