FLO SKAL FRONTE FAIR PLAY
Ho blir den første til å ha ansvaret for «fair play» i Førde il Fotball. -Eg håpar at dette arbeidet skal bli ein raud tråd i klubben, seier Mariann Flo. No har Flo-namnet også komme til Førde il Fotball. Mariann Flo skal nemleg vere hovudansvarleg for fairplay-arbeidet framover, og håpar å bli ein synleg talsperson…
Ho blir den første til å ha ansvaret for «fair play» i Førde il Fotball. -Eg håpar at dette arbeidet skal bli ein raud tråd i klubben, seier Mariann Flo.
No har Flo-namnet også komme til Førde il Fotball. Mariann Flo skal nemleg vere hovudansvarleg for fairplay-arbeidet framover, og håpar å bli ein synleg talsperson i klubben for skikkeleg oppførsel.
-Dette handlar eigentleg om det meste i fotballen. Det handlar om å vere trygg, vere inkluderande, ha respekt for kvarandre og anna. Men det er klart at på vegen må vi ha nokre verkemiddel som gjer det lettare å forstå at dette er grunnleggjande haldningar, seier Mariann Flo.
Flo frå Flo
-Fairplay-logo på drakter, kampvert-vestar, haldningskontraktar og foreldrevett-reglar er noko av det første eg kjem til å gripe fatt i, seier Flo som sjølvsagt har relasjon til dei meir kjende Flo´arane i fylket.
-Eg er fødd i Hornindal, medan far er frå Flo i Stryn. Eg har alltid hatt fotball i mitt hjarte. Som dei andre meir kjende Flo´arane, som er langt ute i slekta mi. Søstra mi, Nina Kristin, spelte på landslaget, medan eg sjølv har ei rad kampar på kretslaga i fylket. Dessutan fekk eg med meg ei landslagssamling i Fredrikstad for lenge sidan. Så fotball har vore livet mitt også, smiler ho.
Oppførsel
Til dagleg er ho tilsett i selskapet Farsund Flis AS på Sanderplassen, og ho har to barn på 8 og 10 år som spelar fotball.
-Flo-namnet kjem nok til å dukke opp framover i Førde, ja. Men no er det mor i huset som skal prøve å vere så synleg som mogleg med tanke på fairplay-arbeidet i klubben. Eg skal prøve å gjere dette meir konkret og sette det ut i praksis. Eg brenn for dette arbeidet, og er svært oppteken av at det skal gjennomsyre det meste av arbeidet vårt. Det handlar jo kort og godt om korleis vi behandlar kvarandre, seier Mariann som dermed er den første i klubben som får dette som hovudansvar.
Mykje å lære
-Det står noko i sportsplanen til klubben om dette, men no håpar eg at det skal bli noko meir enn berre ord. Sjølv om det har vore få uheldige episodar i klubben på dette områder, så er dette viktig arbeid uansett. Vi er aldri perfekte i vår oppførsel, og vi kan alltid utvikle oss. Det er iallfall målet mitt, seier Mariann og trur dette arbeidet skal bli lagt merke til i tida som kjem.
-Det er fleire klubbar i fylket som har vore dyktige på dette området gjennom åra, og det er mykje vi kan lære av dei. No handlar det om å setje Fair Play på kartet her i Førde også, smiler Mariann Flo som har budd i Førde i omtrent 20 år.
-Kvar gang eg landar på Bringeland kjenner eg at eg er heime. Det må vere fjella, naturen og menneska her som gjer at eg føler slik. Så eg gleder meg til dette arbeidet framover, seier Mariann.
Tekst: Stig Roger Eide/foto: Geir Vindheim