Festfotball før sommarpause
Førde inviterte til fest i solskinnet, og heimelaget møtte til dei grader opp.

Dei kvite og svarte gav seg ikkje før det stod 7 – 1 på resultattavla, og smilande kunne ein ta sommarpause med ein solid andreplass på tabellen.
7 – 1, i sjansar.
Førde starta kampen klart best, og det tok ikkje lang til før det fyrste målet låg i nettet bak gjestane sin keeper. Kombinasjonen mellom to blad Aamelfot på høgrekanten var for mykje for bortelaget å hanskast med og når ballen til slutt fann storscorer Savland på 5 meter var det ingen tvil, 1-0. Deretter var det berre heimelaget, men ein god keeper og litt unøyaktighet i bortelaget sin boks gjorde at det berre var sjansestatistikken som vaks. Publikum måtte vente lenge på neste mål.
Faktisk var det bortelaget, som på sin fyrste sjanse i kampen, utlikna. Ei frisparkperle frå 20 meter finn vegen heilt opp i “ruter 9”, og laga er like langt. Heldigvis skulle ein få roa nervene rett etterpå då dagens Førdespelar Vegard Lorgen blir felt og Førde får straffe, men… også denne blir til ein del av sjansestatistikken. Det ser lenge ut til at fyrsteomgang skal ebbe ut med eit særs flatterande resultat for bortelaget, men på overtid av fyrsteomgang kjem endeleg målet for heimelaget. I det ein ball ikkje blir klarert skikkeleg hamner ballen hos Begset, som fyrer inn 2 – 1 frå kort hald, og gjorde opp for straffemissen som i dette referatet har fått 18 års aldersgrense og vi ikkje kan omtale på opne plattformer.
Fotball på halve bana.
Etter pause var det berre eit lag på bana, og banemester Kåre Holsæter kan konstatere at han berre treng pleie halve bana måndag.
Førde speler fin fotball, som trenden har vore siste kampane, og sjansane kjem på løpande band. Bakover har ein også full kontroll, og med unnatak av nokon lange ballar må ein ikkje svette nemneverdig for å trygge leiinga.
Ut over i omgangen legg Førde på til både 3 – 1 (Bergset), og 4 – 1 (Lorgen), før ketchupeffekten verkeleg kjem mot slutten der Savland og Helgheim putter kvart sitt før Bergset runder av Hat-tricket sitt eit minutt på overtid då eit innøvd cornertrekk spelar han heilt fri på 18 meter.
God sommer, med von for det som skal komme!
Dette var rett og slett ein god kamp av heimelaget som med dette gjekk forbi Fana på tabellen. Desse laga møtast i fyrste runde etter pausen, og det blir spanande å sjå kva lag som nyttar sommerpausen best. For Førde var det særs gledeleg å sjå at Nikolai Hvidsten gjorde comeback etter skade midtvegs i andre omgang, og at keeper Gabriel Stavland (15 år) fekk sin debut samstundes. Slik sett er nesten heile troppen frisk og rask, og det er stor konkurranse om plassane fram mot den viktige kampen 19.07.
Førde Fotball ynskjer god sommerpause, og håper å sjå alle på stadion til heimekampen mot Vålerenga 2, 27.07.